Hødd-trenar Sindre Eid var svært skuffa over det laget hans presterte mot Bærum, og seier dei må finne ut av kvifor dei ikkje var «påskrudde» i kveldens kamp.

– Av ein eller annan grunn så er me ikkje på i dag, og det må me finne ut av. For dette kan og skal ikkje skje igjen. Dette er me veldig lite fornøgd med, seier Hødd-trenar Sindre Eid til smp.no etter kampslutt.

Hødd gjekk på sesongens første nederlag då dei søndag kveld tapte 0-4 borte mot Bærum. Eids mannskap var ikkje til å kjenne igjen frå Brann-kampen sist mandag, og laget hans mangla både presisjon og aggressivitet i det som til slutt blei ein flau seanse på Sandvika stadion.

– I dag er det heilheita som ikkje er god nok. Jamnt over så er me eit godt stykke unna der me skal vere, og då får du trøbbel i fotballkampar. Slik er det berre, seier han.

Tabba seg ut

Hødd-forsvarar Jonas Ingebrigtsen var på mange måtar med på å starte det tunge nederlaget, då han etter to minutts spel sendte ballen mot Hødd-keeper Aslak Falch, utan å vite at det var ein Bærum-angripar der klar til å plukke opp ballen.

Han seier sjølv at han ikkje fekk med seg kva som skjedde, men meiner han skulle hatt frispark i situasjonen som førte til forsvarstabben.

– Eg ser eigentleg ikkje kva som skjer. Eg får ein dytt i ryggen i det eg slår pasninga, og så blir det på ein måte at eg sentrar ballen til han. Eg meiner sjølv at eg skulle hatt frispark der. Han spring rett inn i ryggen på meg. Men eg skal ikkje skulde på det, seier Ingebrigtsen til smp.no.

– Liknar ikkje oss sjølv

Ålesundaren sakna mykje av det trøkket dei har spelt med i dei føregåande kampane, og meiner at laget ikkje var til å kjenne att i dagens kamp.

– Me liknar ikkje oss sjølv i dag. Det var litt slappt, me manglar aggressiviteten og intensiteten som me har hatt i heile år, seier Ingebrigtsen.