– Me vert sjølvsagt prega av svake resultat. Likevel synest eg gutane er flinke til å halde humøret oppe. Det er viktig no sjølvsagt. Det kjem ein ny kamp allereie søndag, så me har ikkje moglegheit til å vera skuffa så veldig lenge, seier Hødd-sjefen.

– Kor tungt er det å vera Hødd-trenar om dagen?

– Nei, altså det er ikkje kjekt å tape kampar. Det er ikkje difor ein driv på med dette. Men det er ein del av fotballen det også, så får ein berre prøve å takle det, seier Eid tydeleg skuffa.

Eitt poeng over streken

For augneblinken ser Hødd ut som eit nedrykkslag, og ligg berre eitt fattig poeng over nedrykksstreken etter kveldens runde. Eid meiner tabell ikkje lyg, men vil komme seg vekk frå nedrykkssumpa så fort som mogleg.

– Det er 30 poeng att å kjempe om, og me må sørgje for å ta så mange som mogleg. Tabellen lyg ikkje. No må me plukke så mange poeng så mogleg, så fort som mogleg, for å komme oss vekk derifrå, seier Eid.

– Frykteleg svake

Eid var godt nøgd med første del av opningsomgangen, og meiner dei trefte godt på taktikkopplegget. Så kom utlikninga.

– Me går ut i ein 4-5-1-formasjon, og eg synest me lukkast godt med det i starten. Me får 1-0, og bør også score 2-0 ved Robin Shroot. Då hadde me hatt den perfekte opninga. Så får dei 1-1. I perioden frå 1-1 til 4-1 er me frykteleg svake, seier Eid.

Ifølgje Hødd-sjefen ligg det mykje i sjølvtillit, noko som er ei mangelvare i Ulsteinvik-laget for augneblinken.

– Sjølvtillit er ikkje noko du berre får. Det må opplevast. Slik det er no, vert me veldig prega av baklengsmål. Me treng snarast ei god oppleving for å få snudd det, seier Eid.

Møter HamKam søndag

Den kan komme allereie søndag. når 1. divisjons soleklare tabelljumbo HamKam kjem på besøk til Ulsteinvik. Det kriseramma Hamar-laget står med fattige seks poeng etter 20 seriekampar. På bortebane står dei med ti tap av ti moglege.

–Det får tida vise. Det er godt at det er kamp igjen. Det vert ei ny moglegheit for oss til å få ei god oppleving og ein siger igjen. Det er det som skal til no for å få dette på rett veg, seier Eid.