KFUM — HØDD 1-1

I det 67. minutt ropte Steinar Lein frå sidelina: – Inn i feltet igjen, Robin!

Ulland Andersen la ut til Hugues Wembangomo som deretter spelte hardt inn langs bakken. Robin Shroot fekk sjansen til å putte ballen i nettet, og i motsetnad til i første omgang makta Shroot og Hødd å score.

Tre nøkkelspelarar ute

Hødd stilte med eit litt redusert mannskap: Jan-Lennart Urke vart brått influensa-sjuk før kampen. Dermed kunne 19 år gamle Ole Monrad Alme ta på seg keeparhanskane. Fredrik Sjølstad og Eirik Skaasheim var framleis ute med skade, og treng ferien på å komme tilbake.

Hødd kunne ha gått opp i leiinga på Ekeberg, med berre litt betre spel i første omgang. I det åttande minutt la Bendik Torset over til Joachim Magnussen. Han dempa kula rettvendt og effektivt med brystkassa før han la inn hardt langs bakken, forbi keeper Hirschfeld, men diverre også forbi Robin Shroot, som var for passiv.

Minuttet seinare slapp Ole Monrad Alme retur etter skot, i farleg posisjon. KFUMs Emil Ekblom straffa Alme og sette returen i mål. Dermed sto det 1-0 til heimelaget.

Høgare tempo i andre omgang

Første omgang var daff, laga bydde meir på seg sjølv i andre omgang. Etter pent spel frå lagkameratane var KFUM-spiss Dennis Obeng nærme å skru ballen i krosset i det 50. minutt. Ballen sneia vinkelen. Dryge ti minutt seinare scora Hødd sitt dyrebare mål, 1-1. Hødd pressa godt det siste kvarteret. Robin Shroot tok med seg ball inn feltet, dribla av fleire forsvararar, men fekk ikkje avslutta. Det gjorde derimot Torbjørn Kallevåg, men veteran Lars Hirschfeld redda.

Ute i andre omgang kom Didrik Sereba inn for Joachim Magnussen, og Sondre Beite inn for Shroot. Det siste minuttet av ordinær tid heada kaptein Joakim Wrele i stonga, frå skrå vinkel. Hødd kunne med litt hell fått med seg tre poeng, men det vart berre eitt.

Hødd ligg på 12. plass, og har dermed så vidt leppane over vasskorpa når førstedivisjon tek ferie.