HØDD — STRØMMEN 1-1

HØDDVOLL (smp.no): Hødd fekk ei sjokkopning på den viktige heimekampen mot Strømmen søndag føremiddag. Allereie i det 7. minuttet lurte Strømmen-spelar Eirik Schulze seg fri inne i Hødd-feltet, og sklei Strømmen opp i 1-0 mot Ulsteinvik-laget.

VIDEO: SJÅ HØGDEPUNKTA FRÅ KAMPEN ØVERST I SAKA.

Sindre Eid og Hødd klarte berre eitt poeng heime mot Strømmen (arkivfoto). Foto: STAALE WATTØ

Scoringa kom etter at høgrekant Martin Ramsland hadde dratt seg fri ute på høgrekanten, og serverte eit vakkert innlegg som gjekk forbi alt og alle inne i feltet. Inne på streken lukta Schulze mål, og kasta seg inn og sendte Strømmen opp i føringa.Og Strømmen heldt oppe trøkket etter scoringa. Denne gongen var det på venstresida det skjedde. Ulrik Berglann kom seg fint forbi Jonas Ingebrigtsen, og fekk slått inn langs bakken mot ein umarkert Mustapha Achrifi, som avslutta like utanfor målet bak Hødd-keeper Aslak Falch.

Hødd pressa på for utlikning

Etter dette tok Hødd meir og meir over kampen, og heimelagets første store sjanse kom like etter kvarteret, då midtstoppar Steffen Moltu kom seg fri på ein corner og fekk heada mot krysset. Berre ei fantastisk redning av Strømmen-keeper Simon Thomas hindra Moltu i å score i sin andre kamp på rad.

Like etter fekk både Eirik Ulland Andersen og Magnus Myklebust avslutta frå gode posisjonar, men begge forsøka gjekk diverre for Hødd like over mål.

Men etter 22 minutt fekk heimelaget betalt for presset. Ein corner blei slått inn mot bakre stolpe, der Joakim Wrele heada rett i ein motpelar. Returen datt rett ned til han, som prøvde ei ny avslutning inne i feltet. Avslutninga gjekk rett mot mål, og på plass føre keeper var Myklebust, som styrte ballen forbi målvakta og inn i mål til 1-1. Strømmen-forsvaret meinte at Myklebust stod i offside då ballen gjekk, og protesterte sterkt mot dommartrioen etter Hødds utlikningsmål. Men dommar Bjørn Hansen vinka protestane vekk, og utlikninga blei ståande.

Nergaard brente kjempesjanse

Hødd styrte det meste av banespelet i den første omgangen. Men etter utlikninga dabba det litt av hos heimelaget, og Strømmen blei invitert tilbake i kampen av blåtrøyene. Og like før pause var Peter Nergaard svært nære på å sende Strømmen opp i 2-1-leiing til pause. Men aleine med Aslak Falch klarte han ikkje å overliste Hødds sisteskane, som komt kjapt ut og fekk avverga scoring for Skedsmo-laget.

Sjansefattig start på andre omgang

Hødd tok tak i kampen frå start i andre omgang, men sleit med å komme til mange farlegheiter i opninga. Ulland Andersen kom til to brukbare avslutningar, men ingen gode nok til å sette keeper Thomas på skikkeleg prøve.

Strømmen låg lavt i opninga på omgangen, og kom ikkje til dei store sjansane dei heller. Men med 25 minutt igjen av kampen kom dei til ein heilt eventyrleg sjanse, med stor hjelp av Hødd-stoppar Moltu.

Moltu frykteleg nære sjølvmål

Eit farleg innlegg blei slått inn frå venstre. Inne i Hødd-boksen fekk Moltu ei tå på ballen, og sendte den rett i stolpen bak ein utspelt Falch i Hødd-målet. Ballen trilla deretter langs målstreken og rett inn i fanget til Falch. Heldige Hødd og Moltu slapp med skrekken, men nærare eit sjølvmål kjem ein faktisk ikkje.

Hødd kasta inn både Michael Karlsen og Sindre Beite i andre omgang i jakta på vinnarmålet, men ingen av dei klarte å komme skikkeleg inn i kampen for heimelaget. Ulsteinvik-laget prøvde mykje, men det blei mykje «nesten», og få sjansar ut av det.

I sluttminuttane klarte Hødd å skape det store presset som ein hadde venta på heile omgangen, og Fredrik Aursnes fekk både èin og to sjansar til å avgjere for heimelaget. Men det ville seg ikkje, og marginane gjekk imot Aursnes og Hødd.

Dermed enda det 1-1 på Høddvoll, og Hødd må no reise til Bergen og ta poeng mot Brann neste helg for å sikre play-off plass i 1. divisjon.