Midtstopparen vart ikkje enig med Bryne om ein permanent avtale, og returnerer difor til Vålerenga, der han har eitt år att av kontrakten.
Sogndal var i dialog med Haraldsen i fjor, utan å få napp.
No jaktar klubben igjen på midtstoppar, og sportsleg leiar Trond Fylling sa til BT torsdag at klubben vil sjekke ut Haraldsen. Men samstundes frykta han at spelaren blir for dyr. Haraldsen avviser at han har vore grisk i lønnsforhandlingane med Bryne.
— Men det blei berre altfor stor avstand mellom det eg tenar i Vålerenga og det eg fekk tilbod om i Bryne. Sogndal får eg ta stilling til dersom dei tek kontakt. Akkurat no er eg ganske sliten, og har ikkje fått tid til å tenkje gjennom framtida, seier Haraldsen.
Han var på veg frå Stavanger til Oslo då BT snakka med han i går.
VIF-trenar Kjetil Rekdal har vist liten vilje til å satse på sørlendingen.
Sogndal jobbar med fleire alternativ for å skaffe ein rutinert midtstoppar til klubben, og BT er kjent med at det finst svenske kandidatar.