Etter tapet mot botnlaget Raufoss står Hødd med ni tap og eitt uavgjort på bortebane i år. Skilnaden mellom Hødd sine resultat heime og borte er påfallande: Berre serieleiar Kristiansund, har vunne meir på heimebane enn det lille storlaget frå Ulsteinvik. Samstundes er Hødd tabelljumbo på bortebane.

MER OM KAMPEN: Bortemarerittet held fram for Hødd.

I toppen heime – dårlegast borte

Idrettspsykolog står ikkje øvst på blokka

Fjørtoft er nytilsett i Hødd, og har fortid som assistenttrenar i Aafk.

– Du kjem frå ein større klubb enn Hødd, altså Aafk. Hadde de idrettspsykolog der? Kunne Hødd trenge støtte frå mental trenar?

– Tullar du?

– Nei.

– Eg trur ikkje at Hødd har eit bortekompleks på den måten.

– Så heller enn bortekompleks, har Hødd litt stong ut?

– Eg er veldig ny i jobben her, og veit ikkje om eg er rett person til å svare på det, seier Fjørtoft.

Han legg til, at kva for støtteapparat ein klubb har, kjem an på kor store ressursar klubben rår over.

Plukkar ut det positive frå kampen

Den nye assistenttrenaren er mest opptatt av å sjå det positive. Og han såg Hødd-spel å byggje vidare på, under oppgjeret mot Raufoss:

– Vi skapte gode overgangar og fine kombinasjonar, seier han.

Fjørtoft fortel at laget og støtteapparatet er nøydd til å sjå framover. Han meiner at skoa ikkje trykte på noko spesielt punkt i kampen mot Raufoss.

Samstundes er han open om at der er ein del som må forbetrast, fram mot neste runde.

Hødd byr opp til dan på Høddvoll allereie torsdag 25. august klokka 19.00. Gjesten er Mjøndalen IF, kjent frå TV2s serie «Alle gutta».