For å henge med i toppen av årets 1. divisjon, var siger mot Strømmen på Høddvoll heilt naudsynt for Hødd. Strømmen har tradisjonelt slitt mot Hødd på bortebane, og dette var ein av kampane som på papiret skulle vere av den enkle sorten. Slik vart det likevel ikkje, og Hødd måtte igjen nøye seg med 1-1 i ein heimekamp mot antatt svakare motstand.

Dei første ti minuttane var prega av mykje duellar og lite spel. Den første gode sjansen var det bortelaget Strømmen og Eirik Schulze som stod for. Han fekk fyre av upressa på 20 meter, men heldigvis for Hødd gjekk avslutninga like til side for mål.

Hødd sleit med å få fart på ballen i den første omgangen. Situasjonen vart ikkje betre av at Robin Shroot måtte ut med skade etter eit kvarters spel. Inn kom Vegard Heltne, utan at det hjalp veldig på det offensive hos Hødd.

Ein einaste stor gjesp

Strømmen-trenar Gunnar Halle hadde gjort heimeleksa føre Hødd-kampen, og var vel så gode som heimelaget dei første 45 minuttane. Hødd sleit med å bryte opp eit velorganisert Strømmen-lag, som stod for dei få farlegheitene som vart skapt på Høddvoll i første omgang.

Hødds første skikkelege sjanse kom så seint som etter 37 minutts spel, då svenske Joakim Wrele vann ballen midt på banen, og sette i gong eit flott angrep.

Frå Wrele gjekk ballen ut på venstre til Vegard Heltne som forserte nedover langs venstresida, før han sendte ballen tilbake til Wrele som no stod umarkert på 20 meter. Avlutninga frå Wrele gjekk imidlertid midt på Strømmen-målvakta , i det som var ein keisam og lite underhaldande førsteomgang på Høddvoll.

Forrykande opningskvarter

Hødd kom ut som eit heilt nytt lag etter pause. Laget fekk etablert spelet sitt, og var nøyaktige og presise i det offensive spelet. Omgangens første store sjanse kom etter eit hjørnespark frå høgre.

På bakerste stolpe fekk Joakim Magnussen stå heilt umarkert. Diverre for heimelaget gjekk headinga rett i tverrliggaren.

Heimefansen måtte imidlertid ikkje vente lenge på det første målet. Då snaue 60 minutt var spelt, fekk Hødd straffe etter det som må ha vore ei halding inne i feltet. Fredrik Aursnes gjorde ingenting feil frå 11-meteren, og sette ballen kontrollert i mål til etterlengta Hødd-leiing.

Strømmen-mål utav intet

Hødd fortsette å styre etter Aursnes si straffescoring. Etter 69 minutt kom likevel Strømmen seg fri på si venstre side, og fekk slått eit farleg innlegg i rommet føre Hødd-målvakt Aslak Falch.

Det endte med ei svak utboksing frå rogalendingen, som gjorde at Strømmen etter kvart fekk ballen inn igjen føre Hødd sitt mål.

Ole Amund Sveen var uheldig med ei takling rett innafor 16-meteren, og lagde ein unødvendig straffe til bortelaget. Frå straffemerket gjorde Strømmens Mustapha Achrif alt riktig, og sette ballen i mål via stolpen.

Ebba ut i poengdeling

Etter Strømmens utlikning klarte verken Hødd eller Strømmen å skape noko trykk føre motstandaren sitt mål. Dermed hadde Hødd tapt to viktige poeng i toppen, og måtte sjå nøgde Strømmen-spelarar glede seg over poeng borte mot Hødd.

Onsdag møter Hødd Florø heime på Høddvoll. Då skal det spelast om avansement i Noregsmeisterskapen.