DIREKTE: FØLG KAMPEN HER.

20-åringen Sondre Sandnes Beite fekk skryt i garderoben, etter innhoppet sitt i 1-0-kampen mot Raufoss. Då fekk han spele dei siste 20 minutta

— Målet er å få spele fast frå start, sa han til smp.no

Han hadde han aldri vore i startelleveren i seriesamanheng før. No er han eit steg nærmare målet, særleg om han nyttar høvet til å vise seg fram godt.

Hødd møter KFUM Oslo. Hødd ligg på ein 13. plass hårfint over nedrykksstreken, med 11 poeng. KFUM Oslo har to poeng meir enn Hødd, begge laga har like mange kampar spelt. Hødd er det dårlegaste laget i førstedivisjon på bortebane, men det femte beste på heimebane. Og nett på Høddvoll er det dysten mot KFUM finn stad.

KFUM står for «Kristelig Forening for Unge Kvinner og Kristelig Forening for Unge Menn». Til denne kristne, landsomfattande organisasjonen er fotballaget KFUM Oslo tilslutta. Dette er første sesong laget spelar førstedivisjonsfotball.

I startelleveren til KFUM finn vi canadiaren Lars Hirchfeld. Han sto i mål for Rosenborg Ballklub i 2006 og 2007. Hødd (4-3-3): Jan-Lennart Urke – Steffen Moltu, Christoffer Aasbak, Karl Joakim Wrele (K), Erik Skaasheim – , Torbjørn Kallevåg, Bendik Dybdal Torset – Øystein Vestvatn, Sondre Sandnes Beite– Robin Shroot - Erik Ulland Andersen

Benken: Ole-Monrad Alme, Jesper Tørnqvist, Martin Mork Breivik, Didrik Sereba, Bendik Rise, Joachim Magnussen,

KFUM Oslo (4-3-3): Lars Hirschfeld – Ciise Aden Abshir, Erlend Skaga, John Olav Norheim, Nokolai Aarø – Robin Rasch, Christoffer Dahl, Erik Lundanes Jonvik – Stian Sortevik, Dennis Obeng, Stian Kommandantvold Pettersen

Benken: Stian Andre De Wahl, Eivind Sæther, Elias Hansson, Cato Pathmamathan Valøy, Emil Ekblom, Christoffer Krinberg.

Dommar: Jan Morten Tennøy, Nore Neset IL