– No er me med igjen. Det gjeld å bli litt stabile og få tre-fire sigrar på rad. Får me det, veit ein aldri kva som skjer. No må me berre jobbe på og ta kvar kamp som dei kjem. Men me kan ikkje tape mot Levanger då. Då må me også vinne den typen kampar, seier han og ler.

Eit effektivt Hødd-lag stod for ein av lagets sterkaste sigrar denne sesongen då Sandnes Ulf blei slått 2-0 på Sandnes stadion i kveld. Med det fekk Ulsteinvik-laget revansjert mykje av fadesen mot Levanger sist helg.

Sveen var mannen som sette det heile i gong mot Sandnes Ulf då han sendte Hødd opp i leiinga i første omgang.

Han fortel tilsmp.noetter kampen at Hødd gjorde akkurat slik dei ønskte på førehand.

– Me gjennomførte akkurat slik me blei einige om i kampplanen i dag. Me skulle kontre og ta dei på deira feil, og det funka veldig bra i dag, seier han.

Høgreback-vikar

Han innrømmer at det er litt spesielt å gå frå 0-4-tap heime mot Levanger sist helg, til 2-0-siger borte mot Sandnes Ulf veka etter.

– Det er litt rart ja, det kan du seia, men det er litt slik det har vore denne sesongen. Me er veldig ustabile, seier han.

For første gong i Hødd-drakta spelte han høgreback for Ulsteinvik-laget. Og det med stor suksess. I tillegg til ei fantastisk 1-0-scoring hadde han god kontroll også defensivt, og leverte ein nærast prikkfri kamp for blåtrøyene.

Han seier han er nøgd med eigen prestasjon, men er klar på at han helst vil spela på midtbanen.

– Høgreback er ikkje draumeposisjonen min, men eg må trå til der det trengs. Det var kanskje litt dumt av meg å score eit slikt mål no når eg blei plassert der, seier han spøkjefullt.

«Sveen spesial»

Like etter halvtimen var spelt i den første omgangen sette Sveen fart inn i Sandnes Ulf-feltet og limte ballen opp i krysset frå rundt 15 meteren. Hans femte mål for sesongen var ei perle.

– Det var deilig. Det var berre å ta med seg ballen. Eg fekk ein mogelegheit til å skyte, og då berre klinka eg til, seier han.

Det er ikkje første gongen at han tek på seg motstandarlaget, går forbi tre-fire-fem spelarar før han bankar ballen inn i mål.

– Eg føler det er litt styrken min. Å dra meg gjennom nokre led og fyre til rundt 16-meteren, seier han.

– Hevar seg veldig

Hødd-trenar Sindre Eid var godt nøgd med to svært fine mål og ein elles solid lagprestasjon mot Sandnes Ulf.

– Det blei ein spanande kamp i dag som levde heile vegen. Eg synest me gjer ein godt gjennomført kamp. All honnør til gutane, som hevar seg veldig etter forrige helg, seier Eid tilsmp.no.

Han gjorde fire byter frå laget som tapte 0-4 mot Levanger på heimebane forrige søndag. Den siste tida har han rullert meir på laget, og fortel at det er stor konkurranse om plassane i startoppstillinga om dagen.

– Me har ein sterk tropp og det er viktig å ta ut det riktige laget. Det lukkast me bra med i dag. Det er stor kamp om mange plassar i laget no, og det blir viktig utover hausten, seier han.