Omtrent før folk hadde funne setene sine på Sandvika stadion søndag ettermiddag, hadde Kristoffer Tollås gitt Bærum leiinga frå straffemerket. Eit horribelt tilbakespel frå Hødd-back Jonas Ingebrigtsen blei plukka opp av Bærums innleigde angripar, Riki Alba. Med eit fint førstetouch tok han ballen med seg forbi ein utrusande Aslak Falch i Hødd-målet, som vart nøydd til å felle Alba.

Frå ellevemeteren gjorde den tidlegare Hødd-spelaren ingen feil, og trilla ballen kontrollert inn i Hødd-målet.

Nære på for Ulland Andersen

Hødd verka litt småsjokkerte over den forferdelege starten, og sleit med å skape noko som helst i første del av kampen. Det einaste skikkelege forsøket stod Eirik Ulland Andersen for, då han like før kvarteret var spelt fekk sjansen frå frispark på 17-18 meter. Frisparket frå kantspelaren var bra utført, men diverre for Ulland Andersen og Hødd måtte han sjå forsøket gå like til side for stolpen til Bærum keeper, Grzegorz Flasza.

Vakker 2-0-scoring

Bærum sleppte seg ikkje nedpå etter opningsmålet sitt, og kontrollerte det meste ute på Sandvika stadion dei første 45 minuttane. Bortelaget sleit med å skape noko som helst i opningsomgangen, og bæringane fekk trille mykje ball på eit Hødd-lag som blei springande mykje imellom.

Og etter 26 minuttar kom 2-0, etter eit vakkert Bærum-angrep. Simen Juklerød tok med seg ballen langs høgresida og dribla seg forbi Christoffer Aasbak i Hødd-forsvaret før han la ballen fint inn i Hødd-feltet. Der stod Monir Benmoussa umarkert på 10-12 meter, og sette ballen kontant i mål for heimelaget.

Hødd var aldri farlege i den første omgangen, men kom til ei god heading ved Michael Karlsen med rundt kvarteret igjen av omgangen. Flasza i Bærum-målet måtte kaste seg og gi til corner, som var det næraste Hødd var scoring dei første 45 minuttane.

Punkterte kampen

Førr ti minutt var spelt av den andre omgangen hadde Hødd skapt meir enn dei gjorde på dei første 45 minuttane. Først var det eit innlegg etter eit langt frispark som Hødd-kaptein Jesper Törnqvist fekk lysluggen sin såvidt på.

Derette var det eit forsøk frå stopparmakker Steffen Moltu på corner som blei redda på strek av Bærum-forsvaret.

Men i staden for at Hødd fekk ei redusering, auka Bærum og Benmoussa til 3-0 like etter. Litt ut av intet blei midtbanespelaren tredd vakkert gjennom midtforsvaret til Hødd. Aleine med Falch gjorde han ingen feil og sette ballen under Hødd-keeperen til 3-0. ## Aalbu sette punktum

Og 4-0 kom like etter. Juklerød, som spelte ein solid kamp for heimelaget, drog seg fint innover langs Hødds 16-meter, og prøvde å curle ballen i krysset bak Falch. Ballen gjekk i tverrligger, og på returen stod fjorårets store Bærum-spelar, Andreas Aalbu, og sette inn 4-0 til heimelaget.

Med det sette han den siste spikaren i den berømte «kista». Hødd var ikkje til å kjenne att frå dei to heimkampane mot Fredrikstad og Brann, og Bærum var nærare å auke til 5— og 6-0 mot slutten av kampen enn det Hødd var ei redusering.