Hødd gjekk skikkeleg på trynet mot Bærum på heimebane søndag, og tapte fullt fortent 0-4 for eit effektiv Bærum-lag. I kveld står både æra og poeng på spel når Hødd møter Strømmen på bortebane.

No har hovudtrenar Sindre Eid og hans mannskap hatt eit par dagar på å riste av seg sjokket etter nok ein svak heimekamp i årets sesong. Men med tre poeng og ein god prestasjon borte mot Strømmen i kveld vil mykje av den kampen vera gløymd.

Kvalik innan rekkevidde

For med siger i kveld har blåtrøyene framleis heng på laga som kjempar om play-off til Tippeligaen. Før kveldens kamp er det sju poeng opp til 6. plassen, som er den siste plassen som gir moglegheit til å spele kvalifisering. For augneblinken er det Kristiansund som innehar den plassen, men møter eit knallsterkt Sandefjord-lag i dag. Bærum, som ligg på plassen under, tek i mot serieleiar Tromsø til dyst. Men skal Ulsteinvik-laget knappe innpå forspranget til laga over, krev det ein heilt annan innsats og presisjon enn det som vart vist i kampen mot Bærum på søndag.

Mykje å velje i

Sjølv om poengfangsten om dagen ikkje er den beste, kan Sindre Eid trøyste seg med ein svært oppløftande skadesituasjon i Hødd-laget. Før kveldens kamp mot Strømmen er det berre Benjamin Mork Kleppe og Erik Sandal som er utilgjengelege. Og sistnemnde, som har mista heile årets sesong grunna ein beinbrot på utsida av fotbladet, er ifølgje Eid snart klar til dyst for Hødd.

Det betyr at Hødd-sjefen har ein heil tropp å plukke frå, og kan stille eit slagkraftig lag i kveldens batalje på Strømmen stadion.

Tett og jamnt sist

Då Strømmen var på besøk på Høddvoll i mai enda det 1-1 i ein jamn kamp mellom dei to laga. Begge måla vart scora på straffespark, og spesielt i den første omgangen vart det mykje slurv frå heimelaget.

I fjorårets kamp på Strømmen stadion vann Hødd 0-2 etter scoring av Joachim Magnussen og Espen Standal. Kanskje vert førstnemnde ein avgjerande faktor også i dag.

Magnussen frå start

For Joachim Magnussen var kanskje den einaste som fortente godkjend etter fadesen mot Bærum på Høddvoll søndag. Han kom inn i pausen for Eirik Ulland Andersen, og markerte seg snarleg med fart og initiativ på Hødds venstreside. Ein angrepsvilje og innsats som ikkje vart vist av dei øvrige i løpet av dei første 45 minuttane i den kampen.

No får han betalt for innsatsen der, og erstattar Espen Standal i startoppstillinga til Hødd.

Fredrik Aursnes, som måtte stå over kampen mot Bærum-kampen grunna ein suspensjon, går rett inn sentralt på midtbanen for Bendik Torset.

Hødd (4-2-3-1): Aslak Falch – Jonas Ingebrigtsen, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Victor Grodås – , Joakim Wrele, Fredrik Aursnes – Ole Amund Sveen, Eirik Ulland Andersen, Joachim Magnussen – Robin Shroot.

Benken: Jan-Lennart Urke, Vegard Heltne, Franjo Tepuric, Espen Standal.

Følg kampen direkte og chat med vår journalist