STRØMMEN — HØDD 0-1:

Etter ein jamn start på Strømmen stadion, var det Hødd og Fredrik Aursnes som fekk kampens første moglegheit etter seks minutt. Etter eit nydeleg forarbeid frå venstreback Chrsitoffer Aasbak, fekk 19-åringen servert ballen rett utanfor 16-meteren. Forsøket til Aursnes var godt, og gjekk via eit Strømmen-bein og like utanfor stolpe.

Opna scoringskontoen

Hødd tok etter dette meir og meir over, og i det 17. speleminutt kom scoringa ved Magnus Myklebust. Det heile starta ved at Ole Amund Sveen spelte frå seg ballen til Aursnes midt på banen, og gjekk på løp langs Hødds venstreside. Med to mann rundt seg klarte Aursnes å finne Sveen med ein flott pasning ut på venstrekanten, der Sveen no hadde løpt seg fri. Han tok seg enkelt forbi Strømmens høgreback, Fredrik Nilsen, og la ein perfekt ball langs bakken til Magnus Myklebust, som hadde plassert seg rett føre mål.

«Den heimvendte sonen» gjorde ingen feil og plasserte ballen roleg og kontrollert forbi Strømmen-keeper Simon Thomas til ei fortent Hødd-leiing.

Karlsen burde dobla

Strømmen hadde ballen ein del i den første omgangen, men sleit med å skape sjansar på eit godt organisert Hødd-lag. Den største sjansen deira kom ved Eirik Schulze, etter ei horribel klarering frå Hødds midtstoppar, Steffen Moltu. Forsøket til Schulze frå like utanfor Hødd-feltet var godt, men heldigvis for Moltu og Hødd sneik ballen seg på utsida av stolpen.

Like før Strømmens sjanse i førsteomgange, burde Hødd-spiss Michael Karlsen ha auka til 2-0 for bortelaget. Magnus Myklebust kom seg fri langs høgresida og fekk lagt ein fin ball på tvers av Strømmen-feltet. Frå 10-12 meter fekk Karlsen avslutta. Diverre for Hødd gjekk avslutninga rett på keeper.

Stor Strømmen-sjansen

Den andre omgangen var berre fem minutt gammal då Strømmen fekk deira største sjanse i kampen. Etter ein corner fekk dei lagt ballen inn i Hødd-feltet frå venstresida si. På fem meter, heilt umarkert, heada Pål Steffen Andresen ballen like utanfor Hødd-målet. Den tidlegare Lillestrøm-spelaren tok seg til hovudet i fortviling, og burde definitivt ha utlikna i den situasjonen.

Strømmen fortsatte å vere det farlegaste laget i den første delen av andre omgang. Aslak Falch i Hødd-buret måtte fleire gongar i aksjon, og gjorde sine saker svært bra då han blei sett på prøve.

Nærast var Ole Marius Aasen som med rundt 25 minutt igjen av kampen fekk avslutta mot Hødd-målet frå om lag fem meter. Men nok ein gong var Hødds sisteskanse parat, og avverga på meisterleg vis til corner for heimelaget.

Sveen med bra forsøk

Om Hødd var det beste laget i den første omgangen, tok Strømmen verkeleg over i den andre. Hødd sitt einaste skikkelege forsøk kom med rundt kvarteret igjen av kampen. Andresen i Strømmen-forsvaret mista ballen på veg opp i banen, og Sveen tok over og satte fart rett mot mål. Frå 16 meter fekk han avslutta, men forsøket strauk utsida av den høgre stolpen.

Sjølv om Strømmen hadde mykje ball også mot slutten av kampen, sleit dei med å sette det heilt store presset på Hødd på tampen av kampen. Dermed kunne Hødd reise heim til Ulsteinvik med tre poeng og ei meget god sesongopning i sekken.