NEST-SOTRA – HØDD 3-2

– Det er veldig tungt akkurat no. Me hadde håp om å ta med oss tre poeng, og slik kampen var synest eg me er heilt på høgde med Nest-Sotra. Men rotar det til på eigen dødball. Det er for dårleg med to mål imot der, seier ein skuffa Törnqvist til smp.no etter kampen.

– Er opprykkshåpet heilt ute no?

– Ja, i form av direkte opprykk er det nok det. Me har fire kampar igjen og det har vel skjedd større under i fotballen, men det byrjar å sjå vanskeleg ut no, seier han.

– Me er ikkje betre

Halvtimen etter at Hødd hadde spelt ferdig sin kamp mot Nest-Sotra, var det klart at Brann vann 1-0 borte mot Kristiansund i den viktige toppkampen.

Hødd-trenar Sindre Eid innser også at det blir svært tøft å ta frå Bergens-laget den plassen no.

– Ja, det blei i alle fall mykje tøffare no. Det har vore ein mogelegheit som har ligge der i heile år, men ambisjonen vår har vore ein play-off, og no skal me sikre den i dei siste kampane, seier Eid til smp.no.

Han synest at slik laget hans presterer i dag, fortener dei heller ikkje ein direkte opprykksplass til Tippeligaen.

– Me er ikkje betre for augneblinken. Me fortener ikkje mykje meir enn dette. No må me slikke såra våre, for det blir tøft nok å få ein play-off-plass. Heldigvis kan me avgjere det sjølv, seier han.

– Tala lyg ikkje

Før dagens kamp presenterte Sunnmørsposten ein statistikk som viser at Hødd har teke færre poeng mot dei svake laga enn topplaga i årets 1. divisjon.

Kampen mot Nest-Sotra søndag gjorde den statistikken verre for Hødds del.

– Tala lyg ikkje dei, og det kan vera fleire årsaker til at det er slik. Men i dag tapar me kampen i kampen, me tapar for mykje duellar og slepp inn to dødballmål. Då er det håplaust å vinna fotballkamapar, seier han.

No blir det landslagspause for klubblaga kommande helg. Men om ti dagar tek Hødd imot tabelljumbo Hønefoss på Høddvoll for å prøve å ta eit nytt steg mot sikker play-off plass i 1. divisjon.

Vi fulgte kampen direkte