Røthe var litt bekymra halvvegs i Tour de Ski, men avslutta med bestetid

– Eg er veldig fornøgd med at kroppen fungerte så pass bra, seier vossingen.

Publisert:

MÅL: Sjur Røthe var raskast på siste etappe av Tour de Ski, og enda på fjerdeplass. Her ved målgang etter monsterbakken i Val di Fiemme. Foto: Pedersen, Terje / NTB Scanpix

  • Joar Offerdal Vatlestad
Denne artikkelen er over ett år gammel

Søndag var det klart for finale i årets Tour de Ski, der ein ni kilometer lang etappe, med avslutting opp monsterbakken i Val di Fiemme, venta langrennsløparane.

Røthe gjekk ut som nummer seks, tre minutt og 24 sekund etter samanlagtleiar Johannes Høsflot Klæbo. Samstundes starta også Martin Johnsrud Sundby, Didrik Tønseth, Andrej Melnitsjenko og Denis Spitsov. Simen Hegstad Krüger gjekk ut tjue sekund tidlegare, som igjen hadde Francesco De Fabiani vel tjue sekund føre seg. Frå De Fabiani var det eitt minutt opp til tredjeplassen og Alexander Bolsjunov.

Planen til nordmennene i gruppa til Røthe var å gå samla mot botn av monsterbakken.

– Deretter var det «every man for himself», seier Røthe på telefon frå Val di Fiemme.

Les også

Østberg med etterlengtet Tour de Ski-seier: – Ufattelig deilig

Les også

Klæbo slet seg til Tour de Ski-seier på første forsøk: – Setter det veldig høyt

– Ikkje sterk nok

Røthe og Krüger rykka etter kvart frå gruppa dei låg i, og med 900 meter igjen låg Røthe på fjerdeplass, med Krüger like bak, vel halvminuttet bak Bolsjunov på tredjeplass. Røthe klarte ikkje å halde følgje med lagkameraten heilt inn, men parkerte Bolsjunov og tok fjerdeplassen.

– Eg følte meg bra, men ikkje heilt sprek nok då Simen gjekk forbi. Då bestemte eg meg for å gå mitt eige løp. Eg følte eg gjorde det meste rett, men var berre ikkje sterk nok, seier Røthe om pallsjansen.

Bestetid heng høgt

Sjølv om pallplassen glapp, var Røthe raskast av alle på den siste etappen, etterfølgt av Krüger.

– Det er kult, og det er noko eg set veldig høgt, seier Røthe.

Sjølv samanfattar han touren som «ok».

– Eg hadde håp om å vera med litt lengre framme undervegs, men tapte for mykje på andre og nest siste dag. Det blei eit halvminutt i sekken på begge dei etappane, seier Røthe.

Røthe blei nummer 77 på opningssprinten, enda på 16.-plass på 15 kilometer intervallstart, 56.-plass på sprint nummer to, 4.-plass på 15 kilometer fellesstart, 11.-plass på 15 kilometer jaktstart og 15.-plass på laurdagens 15 kilometer fellesstart.

NESTEN: Sjur Røthe (til v.) henta inn dei 18 sekundane lagkamerat Simen Hegstad Krüger (til h.) hadde frå start, men då Krüger auka tempoet på slutten måtte Røthe sleppe. Foto: Pedersen, Terje / NTB Scanpix

– Løyste seg

Tidleg i desember var Røthe usikker på om Tour de Ski passa for kroppen eller treningsopplegget inn mot VM. Dei tankane var ikkje der då monsterbakken var unnagjort.

– Eg er veldig fornøgd med at kroppen fungerte så pass bra. Eg hadde ein liten «down» halvvegs der eg var litt bekymra, men det løyste seg veldig greitt, seier Røthe.

På slutten av 2017 blei Røthe diagnostisert med Bekhterevs sjukdom etter ein lengre periode med smerter i rygg og hofter, og det var ryggen han var bekymra for halvvegs i touren.

– Det var ein lettversjon, så det var ikkje noko stort problem og det gjekk ikkje utover noko. Eg er veldig fornøgd med at eg gjekk touren, og Tour de Ski er fullt mogeleg med kroppen min, seier Røthe.

VM-planar

Røthe starta sesongen med tredje- og førsteplass på 15-kilometerane på Beitostølen. Sidan blei det førsteplass på 15 kilometer fri i verdscupen på Lillehammer, og same plassering på tremila og stafetten på Beitostølen helga etter. Dermed har vossingen meldt seg på i kampen om VM-plass på fleire distansar i Seefeld.

– På femmila er eg nok ganske nær, men eg må prestera på tremil og eg har lyst å gå 15 kilometer. Då må eg gå fort i Otepää, seier Røthe.

No ventar nokre fridagar før det skal trenast på hytta på Sjusjøen.

– No må eg prøva å finna kalasforma, seier Røthe.

Publisert:

Les også

  1. Slik skal Gimle prøve å vippe suverene Ullern av tronen

  2. Gimle fikk det tungt uten importspillerne sine

  3. Prisdryss for familien Ingebrigtsen på Idrettsgallaen: – Dette henger veldig høyt

  4. Rystet over favorittenes plass på 110-listen

Fædrelandsvennen ønsker en god og åpen debatt. Her kan du bidra med din mening.
  1. Sjur Røthe
  2. Tour de Ski
  3. Johannes Høsflot Klæbo
  4. Simen Hegstad Krüger