Hødd har gjort ei solid sesongoppkøyring denne vinteren. Divisjonskollegane Sogndal og Bærum er begge besigra. Det blei også siger mot sunnmørsrival Aalesund nyleg. Dei einaste nederlaga kom i dei to siste treningskampane, mot henholdsvis Molde og Sogndal. No byrjar alvoret for Hødd, og første test for sesongen er Strømmen borte.

Solide på bortebane

Berre opprykkslaga Sandefjord og Tromsø tok fleire poeng enn Hødd på framand gras i 2014. Skal Hødd oppfylle sine eigne ambisjonar, som er å kjempe i toppen i årets sesong, må Hødd halde fram den gode bortestatistikken i 2015. På Strømmen stadion i fjor enda det derimot med braktap 1-4 for Ulsteinvik-laget. Ei tidleg Fredrik Aursnes-scoring gav Hødd ei perfekt opning på kampen den gongen, men utover i andreomgangen rakna det heilt for blåtrøyene.

Mykje aktivitet på overgangsmarknaden

Samanlikna med fjoråret har Hødd denne sesongen fått på plass dei spelarane dei ynskte på eit tidleg tidspunkt. I starten av februar var dei ferdighandla, og har kunna brukt heile vinteren til å jobbe med samspelet i laget.

Tapet av spesielt Victor Grodås og Robin Shroot vil bli vanskeleg å erstatte for Hødd, men nysigneringane Christoffer Aasbak, Magnus Myklebust, Torbjørn Kallevåg og Michael Karlsen har alle sett bra ut i vinter. No må dei levere også når det skal spelast om poeng.

Aursnes tilbake i laget

Tre av dei nye i Hødd-laget er med frå start mot Strømmen. I tillegg er Fredrik Aursnes, som har vore oppteken med U21-landslaget i Hødd sine to siste treningskampar, tilbake i laget.

Dette er hovudtrenar Sindre Eid sine utvalte:

Hødd (4-2-3-1): Aslak Falch – Jonas Ingebrigtsen, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist, Christoffer Aasbak – Joachim Wrele, Fredrik Aursnes – Ole Amund Sveen, Joachim Magnussen, Magnus Myklebust – Michael Karlsen

Benken: Jan-Lennart Urke, Ruben Kenneth Brandal, Torbjørn Kallevåg, Eirik Ulland Andersen, Sondre Beite.

Følg kampen og chat med vår reporter: