Hødd stod før denne kampen med ni poeng og -2 i målforskjell på dei ni første heimekampane denne sesongen.

Mot Bærum søndag vart dei på ny audmjuka på eige gras, og forverra statistikken ytterlegare. Eit effektivt Bærum-lag valsa over heimelaget, som nok ein gong måtte sjå motstandaren gå opp i leiinga før kvarteret var spelt.

Verst tenkeleg start – igjen

Hødd gjekk ut i eit roleg tempo mot Bærum søndag, og dei første ti minuttane var prega av lange ballar og lite sjansar. Presisjonen var for dårleg, og tempoet for svakt frå heimelaget.Den første nesten-sjansen var det bortelaget som stod for, då gultrøyene fekk svinga inn eit farleg innlegg frå høgresida. Men Hødd-forsvaret fekk klarert.

Men etter tolv minuttar var det fullklaff frå innleggsposisjon for bortelaget. Amahl Pellegrinos arvtakar, Daniel Berg, kom først på ein corner og sendte bortelaget i leiinga. Nok ein gong hadde Hødd hamna under på heimebane.

Shroot burde utlikna

Etter opningsmålet roa det seg ned, og Hødd kom etter kvart meir med i kampen. Heimelaget styrte mykje av banespelet, men sleit med å skape dei heilt store farlegheitane føre Bærum-målet.

Men med under ti minutt att av førsteomgangen kom heimelaget sin store sjanse ved Robin Shroot. Jonas Ingebrigtsen kom seg nedover høgresida, og fekk sendt ballen inn i midten til kaptein Törnqvist, som hadde teke plass offensivt for heimelaget. Med ei utsøkt pasning sendte han Shroot aleine gjennom med Bærum-målvakta. Men avslutninga vart for slapp, og forsøket gjekk rett på keeper. Den burde han utnytta betre.

For i det 37. minutt var Kristoffer Tollås på plass for bortelaget og dobla leiinga. Etter eit flott initiativ på høgresida av Babs Akinyemi, vart ballen etter kvart sendt ut i returrom til Tollås. Han nølte ikkje, og banka ballen vakkert i mål frå rett utanfor 16 meteren.

Rakna før pause

Berre to minutt etter var fadesen komplett på Høddvoll. Steffen Moltu tapte ein duell langt opp i banen på venstresida, og etterlot seg store rom i midtforsvaret. Bærum sette deretter fart nedover venstresida ved Eirik Nervold, som etter kvart fekk slått ballen inn i feltet. Der venta Andreas Aalbu, som enkelt kunne sette ballen i mål frå fem meter.

Den andre omgangen vart ein rein transportetappe for bortelaget. Bærum låg lavt og kompakt, og lot ikkje Hødd kome til mange sjansar.

Heva seg etter kvilen

Hødd på si side såg meir ut som eit fotballag dei siste 45 minuttane, men som i den første omgangen var det for upresist og sløvt i siste tredel av banen.

Det næraste heimelaget kom etter pausen var då Bærum-målvakt Grzegorz Flasza missa med utboksinga etter eit innlegg frå Hødds venstreside. Den svake klareringa enda i beina på Sveen, som diverre for heimelaget sleiva i avslutningsaugneblinken. Ballen gjekk dermed via føtene til Robin Shroot og like over mål.

Kompletterte audmjukinga

Då det såg ut til å ebbe ut i 0-3, var Bærum nok ein gong effektive føre mål. Etter eit Hødd-angrep gjekk gjestene rett i kontra, og fekk sendt ballen til Strømsgodsets leigesoldat, Tocmak Nguen. Han dribla vekk sin mann på venstre side av 16 meteren, snudde opp og plasserte ballen kontrollert inn i motsatt side bak ein sjanselaus Aslak Falch i Hødd-målet.

Slik var kampen