Robin Shroot såg ut til å gi Hødd nok ein bortesiger førre søndag, då han sendte dei blåkledde i leiinga i borteoppgjeret mot Ull/Kisa med si vakre scoring etter 69 minuttar. Men på overtid utklikna Jessheim-laget, og Hødd-gjengen måtte reise heimatt med poengdeling.

No må heimefansen håpe at laget deira har klart å riste av seg skuffelsen førre helg, og at Hødd-laget er klare for møtet med eitt av sesongens store overraskingslag. Er dei ikkje det, kan det fort bli nedrykkskamp på dei blåkledde utover hausten.

Har imponert mange

Bærum er det nyopprykka laget som har gjort det best så langt denne sesongen.

Etter fire serierundar stod laget med full pott og trona heilt øvst på tabellen.

Sidan har det gått litt tråare med Bærum-laget, men har med jamne mellomrom plukka trepoengarar.

Med sine 28 poeng og 8. plass på tabellen har dei gulkledde teke eit stort steg mot fornya kontrakt. Laget har også vist gode takter etter sommarpausen, og står med to strake sigrar mot henholdsvis Bryne på heimebane og Nest-Sotra på bortebane.

Mista storscoraren sin

Mykje av grunnen til at Bærum har gjort det så godt denne sesongen skuldast spissen Amahl Pellegrino. Den 24 år gamle angrepsspelaren har scora ti av Bærums 26 seriemål denne sesongen. Det er 4. best i heile ligaen.

Men måndag denne veka signerte Pellegrino ein kontrakt med Tippeliga-klubben Lillestrøm. Det betyr at Bærum er utan sin kanskje viktigaste spelar denne vårsesongen når laget entrar grasmatta på Høddvoll i kveld.

Må gjere noko med Høddvoll-syndromet

I vårkampen mot Bærum vann Hødd 0-1 på Sandvika stadion etter ei overtidsscoring av innbytar Franjo Tepuric. Det var ein av laget sine tre bortesigrar på vårparten.

Også haustsesongen starta perfekt på bortebane, med 2-3 over heimesterke Tromsdalen.

På heimebane har derimot poengfangsten vore ein heilt annan, og Hødd står med berre éin fattig siger på dei sju siste heimekampane.

Etter 1-4 mot Mjøndalen i førre heimekamp, var Hødds kaptein Jesper Törnqvist og hovudtrenar Sindre Eid samde om at Høddvoll var blitt ei mental greie, og at laget berre må prøve å finne ut kva som går så gale på heimebane.

Eit Bærum-lag utan sin storscorar vert difor eit ypparleg høve til å vise at laget har teke tak i problemet, og er klar for å plukke trepoengarar også på eige gras.

Sveen tilbake på laget

Fredrik Aursnes fekk sitt 5. gule kort for sesongen i bortekampen mot Ull/Kisa sist helg, og må difor stå over dagens kamp mot Bærum.

Gledeleg er det at Ole Amund Sveen er tilbake i førsteellevaren etter skaden han pådrog seg mot Tromsdalen. Han går inn på høgrekanten, mens Bendik Torset tek plass sentralt på midten.

Hødd (4-2-3-1): Aslak Falch – Jonas Ingebrigtsen, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Victor Grodås – , Joakim Wrele, Bendik Torset – Ole Amund Sveen, Eirik Ulland Andersen, Robin Shroot – Espen Standal.

Benken: Ole Monrad Alme, Andreas Brune Rekdal, Ruben Kenneth Brandal, Robin Hjelmeseth, Joachim Magnussen, Vegard Heltne, Franjo Tepuric.

FØLG KAMPEN DIREKTE HER: