Hødd pleier alltid å starte i ein 4-3-3, eller 4-5-1 ved behov for meir defensiv kraft. Men ikkje i dag. Utan Joachim Magnussen vel Steinar Lein i staden ein klassisk 4-4-2-formasjon. Kaptein Joakim Wrele er tilbake frå karantene og klar til kamp, og Sondre Beite er tilbake frå skade og med på benken. Magnussen er ute med tre gule kort.

(for abonnenter) Hødd (4-4-2): Urke ­– Aasbak, Moltu, Wembangomo, Mensah ­– Sereba, Wrele Torset , Sjølstad – Shroot, Kallevåg

Benken: Pieroth, Törnqvist, Hatakka, Rise, Heltne, Vestvatn, Beite

Hødd har gjort det åtte gongar før i år: vunne på heimebane. Om Hødd slår Strømmen reddar dei plassen i førstedivisjon, dersom Ull/Kisa og Bryne avgir poeng. Hødd ligg på 12. plass, den siste plassen som gir billett til førstedivisjon 2017. Det er i praksis tre andre lag som også konkurrerer om å vere den som klarer å halde hovudet over nedrykkstreken.

  • Fredrikstad ligg to poeng føre Hødd på tabellen. Rekneskapen for dei tre siste kampane er 1 poeng og -7 i målskilnad.

  • Bryne ligg tre poeng bak Hødd, med betre målskilnad. Dei møter eit Sandefjord som kjempar om å vinne serien, på bortebane, og vil truleg ikkje ta med seg poeng i denne runda. Bryne og Fredrikstad møter kvarandre i neste og siste runde, så minst eitt av dei blir nøydd til å gi frå seg poeng der.

  • Ull/Kisa tar i mot middelhavsfarar Ranheim i denne nest siste runda. Heimelaget har tapt dei tre siste kampane, medan Ranheim har vunne sine siste tre. Dei møter femteplassen Kongsvinger borte i siste runde.

Så var det Hødd. I dei tre siste kampane har laget tatt 1 poeng, slept inn fem mål, og ikkje scora eit einaste eitt. Like fullt er Hødd det best heimelaget av disse fire nemnte, totalt i år.

Hødd møter Sandnes Ulf og toppscorar Pontus Engblom i neste og siste serierunde. Med bortekomplekset Hødd har slitt med i år, kan ingen rekne med poengfangst i Sandes. Dagens kamp mot Strømmen kan derfor komme til å by på redninga, taklinga eller målet som berger (eller senker) Hødd.

Strømmen (4-4-2): Omenåsa –Megalvis, Strømnes (C), Jahr, Lange – Achrifi, Rasch, Blårud, Øby – Brændsrød, Dernjani.

Benken: Melgalvis Bolstad, Bjørnevik, Nilsen, Rødsand, Aasen, Konate.