Sogndals Tarjei Dale meiner laget har gode sjansar til å ta poeng mot Start på laurdag.

– Dette er den vanskelegaste kampen vi har att, men eg føler vi er betre enn Start for tid a, seier Sogndal-spelar Tarjei Dale.

Om Start skulle vinne på laurdag, vil det sikre opprykket. Dette aktar sogningane å setje ein stoppar for. Sogndal har att kampar mot Løv-Ham og Hødd, medan Start har topplaga Odd og Notodden.

Nøgd med poeng

Men sjølv om Dale meiner at Sogndal er betre enn Start for tida, tar han det ikkje som ei sjølvfølge at dei vinn.

– Vi har vore gode i det siste, men det er alltid tøft å spele mot Start, seier Dale.

Dette var noko Sogndal-spelarane fekk erfara i sommar. Då tapte dei 3-0 heime for Start, i ein kamp Start styrte totalt.

Men dette var før Håvard Flo begynte å scora mål. Flo scora sitt første for sesongen i heimekampen mot Sandnes Ulf, og sidan den gong har ikkje sogningane tapt ein kamp i førstedivisjon.

Gode på kunstgras

Sogndal ligg no på kvalikplassen, og har fire poeng ned til Notodden som er næraste utfordrar. Med siger mot Start skal det mykje til om dei skal rote vekk den. Dale har vurdert begge dei to aktuelle laga.

– Ham-Kam er eit tøft fysisk lag, og i november vil det bli dårlege baneforhold. Det vil passa dei godt sidan dei slår mykje langt. Dei vert tøffe å møte, seier Dale.

Han legg til at å slå lange ballar kan ein gjera uansett kva underlag ein spelar på.

– Aalesund har jo kunstgras, og vi er gode på kunstgras. Eg trur det er ein fordel for oss å møte dei, for vi speler mykje ball langs bakken. Det er lettare på ei flat kunstgrasbane, enn ei våt grasbane i november, seier Dale.

Effektiv spiss

Sidan Dale kom til Sogndal i sommar har det blitt mange innhopp frå benken. Trass i dette har han putta fem mål på 246 speleminuttar. Dette gjev han ei scoring kvart 49. minutt.

– Det er vel litt tilfeldig, men eg har fått mange gode innlegg frå kantane. Samt at spelarane ofte er trøytte på slutten av kampane, og det har eg vore god til å utnytta, seier Dale.

Fire av måla har han scora på hovudet. Peter Kovacs er toppscorar i førstedivisjon med 18 mål. Han har brukt 130 minutt mellom kvar scoring, noko som gjer Dale meir enn dobbelt så effektiv.

Men sjølv om det har blitt bra med mål i kampane han har kome innpå, forventar Dale å starta på benken mot Start.

– Håvard Flo er i så god form no, at det skal mykje til å setja han ut av laget, seier Dale, og legg til at får han koma innpå skal han gjera alt for laget.