Nest-Sotra vann dei to første kampane i fjor, og fekk ein god start på sesongen. I år har alt gått så meget verre. Etter tre kampar står Nest med 0 poeng og 4–8 i målforskjell, og den nye trenaren Michael Schjønberg ventar framleis på sin første seier som Nest-trenar.

— Me har fått ein start som krev at me hentar fram strilen i oss. Eg trur motgangen gjer at folk vert endå tydelegare og meir innbitne for at me skal støtta laget og snu dette, seier mediesjef i Nest Sotra, Tony Ågotnes. Han illustrerer korleis klubben tenkjer rundt Nests poenglause sesongstart med ein fiskeanalogi, passande nok.

— Du gir ikkje opp fisketuren sjølv om du ikkje får napp med ein gong. Då er det berre å skru på ekkoloddet og gjera ein endå større innsats, så får du napp til slutt, seier Ågotnes.

VIDEO: SJÅ HØGDEPUNKTA FRÅ KAMPEN MELLOM SANDNES ULF OG NEST-SOTRA:

— Tvilar me no, er me ikkje sterke

Ågotnes, som er så lokal at han delar namn med Nest si heimebane, fnys når BT spør om sesongstarten kan kallast "krise". Det same gjer assistenttrenar Ruben Hetlevik.

— Det kjennest vondt både fysisk og psykisk å tapa slik me har gjort no, men det er ein del av fotballen å tola motgang. Det handlar om å visa kven som er sterkast over tid. Det ønskjer me å visa at me er, seier mannen som var hovudtrenar i delar av sist sesong.

BT var blant media som tippa at Nest-Sotra skulle gjera det betre enn fjorårets 12.-plass. Så langt tyder ingenting på at den spådomen slår til.

— Me har vore klare heile tida på at me ser denne sesongen som ei stor utfordring. Det at andtre har tippa oss på kvalik eller 7.-plass har me tatt med stor ro, seier Hetlevik.

Surt med Åsane-suksess

Nest-Sotra og Åsane har hatt komplett ulik start på årets 1. divisjon. Mens Åsane har vunne dei tre første kampane, og står med 9–2 i målforskjell, har Nest-Sotra gått på trynet i alle dei tre første kampane.

— Det er litt frustrerande og ekstra surt å sjå dei få det til, når me ikkje lukkast, seier Nest-Sotra-keeper Øystein Øvretveit, før han skundar seg å leggja til:

— Eg unner Åsane-laget suksessen. Joachim Soltvedt (som har scora i alle dei tre første kampane) har eg spelt med i Brann 2, og det er veldig kjekt å sjå at han har fått ein pangstart, seier Øvretveit.

Mediesjef Tony Ågotnes seier det er viktig å unna Åsane all mogeleg suksess.

— Det at dei har klart å prikka inn tre pinnar er veldig bra. Så rause skal me vera. Det er viktig for oss som er i ei prestasjonsgruppe å unna andre suksess, seier Ågotnes.

Takkar Brann

Både Nest-Sotra og Åsane har spelarar som ein i enkelte samanhengar yndar å omtala som vrakgods frå Brann. Joachim Soltvedt har scora tre mål på tre kampar for Åsane. På Nest-Sotra herjar Steffen Lie Skålevik på topp. Så langt i år har han putta to gongar. Begge har ei fortid i Brann 2. — Brann skal vera stolte over at dei har ei ungdomsavdeling som leverer spelarar også til andre. Det betyr at jobben dei gjer fører fram til noko, seier Hetlevik, og held fram:

— Det er ikkje mange år sidan Brann så vidt produserte nok spelarar til å henta ein junior opp i eigen stall kvart år. No tek dei opp fleire i A-stallen sjølv, i tillegg til at det spring tidlegare Brann-spelarar rundt om kring i andre klubbar. Det er positivt, meiner Nest-assistenten.

Keeper Øvretveit seier han er sikker på at det snart kjem til å snu. I fjor spela han for Brann, og han meiner Nest-laget ikkje står særleg tilbake for storebror frå byen.

— Nest-laget har overraska meg. Eg hadde ikkje så mykje kjennskap til dei før eg kom hit, men det er gode spelarar jamt over. Dei har mindre erfaring enn mange av spelarane i Brann som har vore lenge i eliteserien. Det gjer at det vert ein skilnad, men det har sine fordelar å vera uerfaren og svolten også.

Nest-Sotras og Åsanes sesongstart

1. runde: Bryne - Nest-Sotra 2-1. Åsane - Levanger 5-0. 2. runde: Nest-Sotra - Åsane 2-3. 3. runde: Sandnes Ulf - Nest-Sotra 3-1. Kristiansund - Åsane 0-1.