Nesten to heile sesongar er gått sidan heimekampen mot Follo i 29. serierunde i 2013, då Erik Sandal sist var med frå start for Hødd. Eit beinbrot etter 2013-sesongen, og fleire tilbakeslag sidan, har sett han ute av spel for Ulsteinvik-laget i denne lange perioden.

FØLG KAMPEN LIVE HER!

Sandal fekk seg eit innhopp på slutten av heimekampen mot Sandefjord i 2014. Det var det einaste han kunne bidra i fjorårssesongen. I årets sesong står han med tre innhopp i serien, men ingen frå start.

Med både Fredrik Aursnes og Ole Amund Sveen ute med karantene, får Sandal endeleg sjansen igjen for dei blåkledde i kveld.

Snudde på AKA Arena

Hødd kan ta eit langt steg mot play-off med siger mot Hønefoss på Høddvoll i kveld. Men skal dei klare det må dei fleire hakk opp frå det dei presterte i 3-2-tapet mot Nest-Sotra forrige søndag. No har dei hatt landslagspausen på å gløyme den kampen, og samstundes hatt god tid til å førebu seg til kveldens batalje.

Då laga møttest på gamle Høddvoll i fjor, enda det 0-0. Fredrik Aursnes fekk sjansen til å gi Hødd leiinga frå straffemerket med elleve minutt igjen av kampen, men mibrukte mogelegheita, og laga måtte til slutt dele poenga.

Då Hødd besøkte AKA Arena tidlegare i vår, snudde blåtrøyene frå 0-1 til 3-1-siger i løpet av 2. omgang. Ein susar av eit mål frå Joachim Magnussen, og scoringar frå Ole Amund Sveen og Torbjørn Kallevåg, blei det ei svært positiv oppleving for Hødd i Ringerike.

Ulland Andersen tilbake

Torbjørn Kallevåg tek den andre ledige plassen sentralt på midtbanen til Hødd i kveld. Eirik Ulland Andersen var ikkje med til kampen mot Nest-Sotra, og tek plass på venstrekanten i angrepet.

Hødd (4-3-3): Aslak Falch – Jonas Ingebrigtsen, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist, Christoffer Aasbak, Torbjørn Kallevåg, Joakim Wrele, Erik Sandal – Magnus Myklebust. Michael Karlsen, Eirik Ulland Andersen

Benken: Ole-Monrad Alme, Robin Shroot, Joachim Magnussen, Bendik Torset, Bendik Rise, Sondre Beite, Vegard Heltne

Hønefoss (4-4-2): Tarjei Omenås – Sigurd S. Svendsen, Christopher Lindquist, Thomas Braaten, Kristoffer Hay – Christian Aas, William Warshaw, Morten Hæstad, Ugonna Anyora – Kevin Beugre, Fitim Kastrati

Benken: Trym Strandberg, Ibrahima Drame, Abdoulaye Seck, Durim Muqkurtaj