Sogndal-trenar Harald Aabrekk var letta etter kampslutt i går.

— No er eg berre glad. Me møtte kanskje det beste laget i divisjonen. Fredrikstad har mange folk med eliteserieeerfaring og mykje rutine, seier Aabrekk.

- Me var opptekne av å halda intensiteten oppe, og det klarte me. Første omgangen var solid, andre omgangen var veldig bra. Eg er svært nøgd med at me takla presset, seier Aabrekk.

(Artikkelen fortsetter)

VIDEO Sogndal - Fredrikstad 2-0

Sogndal — Fredrikstad: Høydepunkter

Rørt fotballpresident

Fotballpresident Yngve Hallèn fekk med seg opprykkskampen frå tribuneplass heime i Sogndal. Det vart ei kjensleladd oppleving.

– Det er jo min klubb, dette, og ikkje berre det, det er mi bygd, seier den mangeårige daglege leiaren.

Han måtte fella ei tåre eller to. Særleg sterkt syntes han det var at veteranen Tommy Øren trygga sigeren med si 2-0-scoring.

– Då måtte eg gå litt, vedgår Hallèn.

Han siterer Rolf Navarsete når han skal karakterisera opplevinga:

— Det beste med å rykkja opp i eliteserien er at det er minst to år til vi rykkjer ned i 2. divisjon!

Tommy Øren feira opprykket med Champagne. (Foto: Tor Yttri)