HØDD – RANHEIM 1-1

For med tre minutt igjen av kampen stod han med ballen i beina, aleine med keeper på sju-åtte meters hald. Men ei svak avslutning gjorde at ballen gjekk på feil side av mål. I staden for å sende Høddvoll til himmels, gjekk det eit skuffelsens sukk gjennom heimepublikummet.

– Eg burde avgjort to gonger i dag. Den eine er vel meir bra gjort, men den andre der like før slutt er veldig dårleg. Eg er veldig sliten, og klarar ikkje vera kald nok, seier ein skuffa Sveen til Sunnmørsposten etter kampslutt.

– Fekk du for god tid til å avslutte?

Ole Amund Sveen og trenar Sindre Eid etter kampen. Foto: Marius Simensen/Digitalsport

– Nei, eg får vel ballen litt bak meg, og får difor ein dårleg touch. Eg kjem litt i ubalanse og byrjar å stresse. Så blir det ei forferdeleg avslutning, fortel han.

– Vanskeleg med direkte opprykk no

Nokre minuttar før kjempesjansen hadde han sin andre store sjanse til å gi Hødd leiinga då han drog seg seg vakkert inn i Ranheim-feltet frå venstresida, og banka til frå 15 meters hald. Men diverre for Sveen og Hødd gjekk ballen like over tverrliggaren.

No trur midtbanemannen det blir hardt å ta igjen Kristiansund på direkte opprykksplass. Dei befesta sin posisjon der med siger borte mot Jerv tidlegare i dag.

– Det blir vanskeleg. Men eg synest ikkje Kristiansund-laget er alt for godt. No har jo Brann ein kamp i morgon også, men me må kanskje vinne resten. Det er ikkje heilt over, men det blei vanskelegare i dag, seier han.

Med tanke på at Ranheim låg på plassen utanfor kvalikplass før denne runden, var det viktig å ikkje tape mot Trondheim-laget.

– Sånn sett var det eit godt resultat. Kvalikplassen har me godt innafor rekkevidda no, seier han.

Har ikkje gitt opp opprykket

Hødd-trenar Sindre Eid var nøgd med prestasjonen mot Ranheim, og meiner heimelaget var nærast å stikke av med sigeren.

– Det blir ein jamn kamp, som forventa. Me møter eit veldig godt lag, som vel er det laget som har plukka mest poeng i divisjonen etter at Ola (By Rise) kom inn. Me er nære på å ta dei i dag, og kunne fort teke alle tre poenga, meiner Hødd-sjefen.

Han har ikkje gitt opp håpet om direkte opprykk til Tippeligaen heilt enno.

– Det er femten poeng igjen å spele om. Kritiansund møter Brann borte i neste helg, og der må jo eitt av laga avgi poeng. Me er med framleis, og mykje skje. Det var viktig å ikkje tape i dag. Får me til ein skikkeleg sluttspurt no, blir det bra, seier han.

– Veldig nøgd med scoringa

Mannen som skaffa Hødd det eine poenget i dag var svenske Joakim Wrele. Midtbaneankeret andre scoring for året var ei perle.

– Eg ser at Ole tek den defensive jobben, så då blir eg med framover. Eg får ballen frå Ulland Andersen, og ser at det er ein opning i næraste hjørne. Då tør eg å skyte, og får eg til eit bra skot. Eg er veldig nøgd med den scoringa der, seier han.

Slik var kampen: