Etter ein grei førsteomgang av Hødd, der dei noko ufortent låg under med 0-1, var det akkurat som om dei ikkje møtte opp til andreomgangen på DnB Arena. Ranheim køyrde over eit svært passivt Hødd-lag etter pause, og scora to mål før fem minutt var gått. I ein kamp der det kunne blitt både 5 og 6-0 til heimelaget, stoppa det på ein svært fortent 4-1-siger til Trondheims-laget.

Hødd best i starten

Opninga på kampen var prega av mykje duellar og lite spel langs bakken. Begge lag sleit med presisjonen i pasningsspelet, men etter kvarteret løsna det litt for Ulsteinvik-laget, som fekk meir og meir tid med ballen av Ranheim-laget.

Og med det kom moglegheitene for Hødd. Først var det Ole Amund Sveen som var svært nære på å gi Hødd leiinga. Ei flott Hødd-kontring, regissert av Eirik Ulland Andersen, endte opp med at Sveen blei servert ballen ute på venstresida. Hødds midtbanemann sette fart og forserte nedover langs venstresida før han drog seg fint innover i feltet. Avslutninga frå skrått hald var god, og Ranheim-målvakt Even Bari måtte kaste seg ned ved stolperota for å avverge.

Like etter var Hødd-spiss Michael Karlsen nokre millimeter frå å skli eit innlegg frå venstreback Christoffer Aasbak i mål. Men den tidlegare Ranheim-spissen var akkurat for seint ute til å gi Hødd 1-0 på sin gamle heimebane.

Avslutta eit fint Ranheim-angrep

Og like før halvtimen var spelt, i ein god Hødd-periode, var det Ranheim som gjekk opp i 1-0. Heimelaget utnytta eit balltap av Hødd midt på banen, og sette fart rett mot Hødd-målet. Like utanfor 16-meteren sendte Vegard Voll ein nydeleg stikkar til Kristian Skille, som hadde tatt turen inn frå høgrekanten. Aleine med Aslak Falch i gjorde Skille ingen feil, og banka ballen inn i sida.

Like etter var heimelaget nære på å auke til 2-0, då Robert Stene lukta eit innlegg langs bakken frå venstresida. Men Ranheim-spissen var som Karlsen akkurat for seint ute til å auke leiinga.

Med sju minutt igjen av omgangen måtte Hødd gjere eit bytte på topp, då Michael Karlsen måtte gje seg med ein hovudskade. Inn kom Joachim Magnussen, utan at han klarte å utrette mykje etter sitt innhopp.

Sjokkopning på 2. omgang

Før tilskodarane på DnB Arena hadde funne plassane sine til 2. omgang hadde Stene auka til 2-0. Eit innlegg frå Ranheims høgreside blei aldri klarert av Hødd-forsvaret. Ein umarkert Stene stod plutseleg fri med ballen på bakre stolpe, og kunne kontrollert plassere ballen opp i hjørnet forbi Falch.

Og like etterpå stod det 3-0. Og nok ein gong var det på høgresida det skjedde for Ranheim. Denne gongen var det eit innlegg langs bakken som venstrekant Torgil Gjertsen utmerka enkelt kunne sette nede i hjørnet.

Vakker 4-0-scoring

Og marerittet ville ingen ende ta for Hødd. 4-0 kom i det 68. minutt etter at ballen datt ned til innbyttar Jo Sondre Aas på 16 meter. Med ei vakker avslutning med venstrefoten curla han ballen opp i motsatt vinkel, og sette inn dagens fjerde Ranheim-scoring!

Hødd såg ut som eit juniorlag etter kvilen, og det heilt kunne fort blitt mykje styggare enn det blei. Aasbak fekk angrep etter angrep mot på seg på høgrekanten til Ranheim, og sleit med å få tak på ein meget god Kristian Skille hos heimelaget.

Myklebust pynta på resultatet

Heilt på tampen fekk cuphelten frå onsdagens kamp mot Aalesund, Magnus Myklebust, sette inn eit trøstemål for Hødd. Innbyttaren blei fint spelt gjennom av Torbjørn Kallevåg, runda keeper og sette kontrollert inn ei redusering til 4-1. Men dette var uansett Ranheim sin store dag, og eit definitivt årsverste frå Ulsteinvik-laget.