18-årige Karsten Warholm er framleis junior, men favoritt til to NM-gull i seniorane sitt noregsmeisterskap i helga.

Steinkjer Friidrettshall er møtestad for fleire av dei beste i landet når innandørsmeisterskapen skal avviklast laurdag og sundag.

Frå Sunnmøre stiller Dimna IL med fire aktive, medan veteranen Kristian Nedregård deltek for Spelkavik og Omegn Friidrettsklubb. 40-åringen er påmeldt på 3000 meter.

Men det er tenåringen og mangekjemper Karsten Warholm som må syte for medaljar til sunnmøringane.

Eit stykke frå toppform

– Karsten har trent innandørs berre eit par veker i Ulsteinhallen og er ikkje i topp form. Han tek NM-deltakinga i Steinkjer som god trening og håpar han får nokre gode opplevingar og medaljar der. Han får konkurranse av Henrik Holmberg på 60 m hekk sidan storfavoritt Vladimir Vukicevic ikkje kan stille grunna skade. Vi får sjå på programmet om Karsten kan springe både 200 og 400 meter. Han har lyst, men tidsskjemaet er utfordrande, seier trenar i Dimna; Arve Hatløy.

Warholm måle tåle å bere favorittstempelet på både 60 meter hekk og 400 meter slik Sunnmørsposten kan lese startlistene i dei to øvingane.

Hatløy tek med seg fire unge utøvarar til Steinkjer. Forutan Warholm skal unge Joakim Sundgot Gustavsen springe 800 og 1500 meter, medan Nicolas Roppen Masters skal sprinte seg gjennom 60 og 200 meter.

På 60 meter for menn er heile 63 påmelde, blant anna Brede Solberg Stølen frå Midsund som nå spring for trondheimsklubben Ranheim IL.

Fjørtoft-forfall

Marthe Mjøen Berg er einsleg sunnmøring i dameklassa.

Silje Fjørtoft er påmeld på 1500 og 3000 meter for osloklubben Vidar, men må melde forfall til NM grunna betennelse i achilleshælen.

– Marthe skal springe 60 m hekk og 400 meter. På hekkøvinga er ein finaleplass målet, medalje vert for tøft, meiner trenar Hatløy. Mjøen Berg har vore plaga med ein skade inntil nyleg og skal nytte NM til å få god konkurransetrening.

Utandørs er Marthe best på langhekken. Blant anna tok ho sølv på 400 meter hekk under NM på Jessheim i august.