Langrennslandslaget dreg på høgdesamling til Val Senales i Italia over helga. Det blir truleg utan Chris Jespersen.

— Når eg er sjuk, må eg iallfall halde meg langt unna høgda, seier han.

Sjukdom er i ferd med å spolera sesongoppkøyringa for Korlevoll-løparen, som også gjekk glipp av ei vekelang treningssamling med landslaget på Meråker for to veker sidan. Han fekk berre med seg ein dag av samlinga før han vart sjuk og måtte reisa heim.

Drog til Mallorca

For å ta igjen det tapte, fekk han kasta seg rundt og slutta seg til ein treningsleir på Mallorca saman med det Trondheimsbaserte privatlaget Team United Bakeries. Det er laget Korlevoll-løparen har vore tilslutta før han i vår sa ja til ein plass på landslaget.

Det vart ei god veke, med perfekte treningsforhold.

— Det var heilt rått. Vi fekk trent mykje på rulleski, seier han.

Problemet var berre at han blei sjuk igjen, med sår hals og luftvegsinfeksjon, når han kom tilbake til Norge.

Må utsetja høgdeopphald

— Eg får inderleg håpa eg ikkje mister høgdesamlinga. Det vil vera øydeleggjande med tanke på sesongstarten, seier han.

— Er det fare for det?

— Nei, mest sannsynleg må eg berre utsetje avreisa. Planen er å slutta seg til dei andre når eg er blitt heilt frisk, legg han til.

Sesongstarten er på Beitostølen 21.-23. november.

Som landslagsløper vil Jespersen sleppa å vera nøydd til å prestera godt, og dermed leggja inn ein formtopp, i dei første renna.

— Eg har jo lyst til å gå fort i alle renn eg deltar i, men det er sjølvsagt godt å sleppa det verste kvalifiseringspresset, vedgår han.

Ser mot Falun-VM

VM i Falun i februar blir det store høgdepunktet denne sesongen for løparen som var Norges nest beste distanseløpar etter Martin Johnsrud Sundby i fjor. Der har Jespersen blinka seg ut 15-kilometeren i fri teknikk som viktigaste distanse, samt stafetten. Det er mykje å revansjere etter eit OL i Sotsji som ikkje gjekk etter planen.

Sterk fjorårssesong

Chris Jespersen sleit også med sjukdom i oppkøyringa mot OL, etter ein fantastisk forsesong – med andreplass i Tour de Ski og fire pallplasseringar i verdscupen.

Då vart han smitta av dottera Tiril (2) heime i Trondheim.

— Eg må kanskje verta litt meir kynisk, og halda meg unna henne - iallfall i dei periodane der eg er skikkeleg nedkøyrd, slik eg var etter Tour de Ski i fjor, seier han.

Smørebom i OL

Jespersen kom til OL utan å ha gått eit einaste renn sidan Tour de Ski. Han gjekk glipp av opningsdistansen (30 km med skibyte), men klarte ein sjetteplass på 15-kilometeren og ein plass på stafettlaget - som vart ramma av smørebom og enda på fjerdeplass.

— Eg orkar nesten ikkje tenkja på det. Det var heilt forferdeleg. Det var to medaljemuligheiter som rauk på grunn av dårlege ski.

— Ein sjetteplass i OL er vel ikkje så verst?

— Det er ingen som husker sjetteplasser. I meisterskap er det medaljer eller ingenting som gjeld, fastslår Chris Jespersen.