— Eg er kjempemotivert og gler meg kvar dag til å gå på trening. Eg synest eg har vore flink å ta vare på meg sjølv og trur eg kan halde det gåande som fotballspelar på toppnivå i mange sesongar framover, men eg trur eg har spelt for min siste klubb i utlandet. Unntaket måtte vere om Liverpool skulle kome på banen! seier eidaren som nyleg fylte 31 år.

Han er ikkje ung og lovande lenger. Men som forsvarsspelar kan Karadas truleg halde det gåande i mange sesongar til.

- Dreg du til Sogndal for å byggje deg opp som midtstoppar i ein klubb der du veit du får tillit?

— I Sogndal skal eg i utgangspunktet vere stoppar. Men eg har sagt at klubben får bestemme. Eg har levd med denne problematikken i 12–13 år, og har ikkje teke stilling.

- Ser du for deg at Sogndal blir eit springbrett, og at du berre blir der denne hausten?

— Eg trur vi skal ta ein sesong om gongen. Men kroppen er frisk og fin og eg håpar å kome i gong skikkeleg. Eg har framleis høge ambisjonar, ikkje minst når det gjeld landslaget. Prestasjonane vil avgjere alt.

- Kva kan du seie om økonomien i dette?

— Alle veit korleis Sogndal jobbar. Eg kjem inn i dette systemet, det er ikkje meir å seie om det.