Etter å ha jobba med å hente Robin Shroot tilbake i ei periode, lukkast det endeleg for Hødd torsdag.

Shroot blei henta til Sogndal frå Hødd etter førre sesong som bosmanspelar, men no er han tilbake i sin tidlegare klubb igjen.

– Vi har følgt med på situasjonen hans heile tida. Det opna seg ein moglegheit, og vi var i kontakt med Sogndal ein periode, men så såg det vanskeleg ut. Til slutt konkludert vi med at det gjekk og at dei ville la han gå, seier sportssjef André Nevstad til Sunnmørsposten.

Shroot var regna som ein av dei beste signeringane i 1. divisjon, men fekk berre seks kampar frå start for Sogndal.

– Robin har aldri lagt skjul på at han trivst godt her, så han var ikkje langt unna å bli her før han gjekk til Sogndal. Eg trur han var særs lysten på ein retur då han såg det kunne gå, seier Nevstad.

Spelar truleg mot Åsane

Viss alt papirarbeidet kjem på plass, noko Hødds sportssjef regner med, så kan han spele søndagens kamp mot Åsane på bortebane. Signeringa viser at klubben for alvor siktar mot opprykk.

– Vi har sagt heile vegen at vi har gjort ein såpass god vårsesong, at både vi og andre ligg gunstig an til å kjempe i toppen. Vi tenkjer spelarlogistikk på både kort og lang sikt, og dette er ei særs god signering. Difor er det fint å få han hit på ein avtale som gjeld over tid, seier Nevstad.

Trenar Sindre Eid meiner signeringa er eit signal på at klubben har ambisjonar.

Fleire nye kan komme

Shroot er så langt den einaste signeringa Hødd har gjort sidan overgongsvinduet opna i sommar. Men det verkar ikkje som Hødd er heilt ferdighandla enno.

– Det kan skje noko i neste veke, seier sportssjefen.

Hødd har hatt AaFK-spelar Thomas Martinussen på fleire treningar. Det kan vere aktuelt å låne han ut sesongen. Tidlegare i sommar har tysk-ghanesaren Davidson Drobo-Ampem vore på besøk. Forsvarsspelaren skada seg og måtte heim til Tyskland for å sjekke kor alvorleg det var.

– Vi har hatt ein god dialog med «Dave» som er på beina igjen og trenar bra. Han er i ganske klar framgang, så vi får sjå kva som skjer, seier Nevstad.

27-åringen gjorde eit godt inntrykk og skal vere særs aktuell for ein avtale ut sesongen.

Interessa rundt Fredrik Aursnes er også stor som den har vore lenge, men klubben ønsker å behalde han minst ut sesongen for å kunne kjempe om opprykk.

– Vi har ein god dialog med Fredrik, seier Nevstad.