Det er også muleg at islendingen Olafur-Ingi Skulason (19), høgreback på reservelaget til Arsenal, på eit eller anna tidspunkt kjem for å trene med Sogndal ei veke.

I tillegg vil klubben teste dei lokale tenåringane Mathias Eikenes frå Sandane og Alexander Breidvik frå Askvoll/Holmedal.

— I dag har vi 16-17 spelarar i stallen. Det er for lite. Eg vil bruke desember til å skaffe meg oversikt over kva som er her og kva posisjonar vi treng å styrke, seier Sogndal-trenar Jan Halvor Halvorsen.

Sogndal kan kome til å kjøpe ein til to spelarar uavhengig av dei som er på prøvespel. Klubben starta treningane fram mot neste sesong måndag.