Dermed står Rushfeldt framleis med 165 eliteseriemål, mot Brattbakk sine 166. — Den siste scoringa kjem når den kjem. Det tek eg veldig med ro. Det er ikkje alltid det går som ein ønskjer , seier Rushfeldt etter den mållause kampen i Sogndal søndag kveld. Han var skuffa over laget sitt.

Tromsø kan seie seg mest nøgd med 0-0 i ein kamp heimelaget ville klart mest etter tre poenglause kampar i serieinnleiinga.

Sjølv om Sogndal hadde spelemessig overtak før pause, vart det med sjansen til Mats Solheim i det 19. minutt. Høgrebacken som spelte sin første kamp for sesongen etter skade, kombinerte fint på sida og kom åleine med målvakt Marcus Sahlman. TIL-målvakta fekk ei hand på det lave skotet på veg mot mål. Tromsøforsvaret fekk rydda opp i målgarden før Eirik Bakke fekk tåa på ballen.

Tromsø såg ut til å bli overraska over den iherdige kjempinga til heimelaget, og hadde nok med å forsvare seg i første omgang.

Sogndal spelte som venta. Dei låg veldig kompakt. Vi skapte knapt ein målsjanse. Det var lite rom, spesielt i midten , seier han, og avviser at Tromsø undervurderte Sogndal.

Etter pause kom Gutan meir med, men det var Sogndal som skapte dei største sjansane også då. Den største hadde Ahyee Aye Elvis som snappa ballen frå Fredrik Björck og kom åleine mot Sahlman i 53. minutt. Svensken i TIL-målet fekk igjen ei hand på ballen slik at det vart hjørnespark. Det påfølgjande hjørnesparket brassesparka Barry Kader i ein mur av forsvarsspelarar.

Kenneth Udjus var nær ved å tabbe seg ut rett før sjansane til Sogndal, men han forstyrra Sigurd Rushfeldt såpass at spissveteranen ikkje traff mål. Udjus revansjerte seg kraftig då ei stupheading frå Tore Reginiussen hadde kurs mot mål heilt inne ved stanga i 57. minutt. Sogndal-målvakta låg strak og redda meisterleg.

Mot slutten auka kampen i intensitet. Sogndal satsa framover, og det ga TIL opningar, utan at dei makta utnytte dei til å avgjere kampen.