— Når eg eg ligg der eg ligg, er det ingen grunn til å stoppa å scora, seier Eirik Ulland Andersen etter sigeren over Bærum søndag.

Med eit fantastisk mål i kveldens 4-2-siger over Bærum på heimebane, klatra Eirik Ulland Andersen opp på 3. plass på toppscorarlista i OBOS-ligaen. No går Hødds målkonge for toppscorartittelen i divisjonen.

— Ja, når eg eg ligg der eg ligg er det ingen grunn til å stoppa å scora. Men me får sjå. Det er klart det er enklare for ein spiss enn ein kantspelar å scora mål, men ingenting er umoglege, seier han til smp.no etter kampen.

VIDEO: SJÅ DRAUMESCORINGA ØVERST I SAKA!

Vil spele i Tippeligaen

Ulland Andersen har vore «outstanding» for Hødd i år, og har i tillegg til ti seriemål, fire målgjevande pasningar på 17 kampar. Han seier han ikkje har høyrt om noko konkret interesse frå andre klubbar, men er klar på at han ønskjer å ta steget opp eit nivå.

— Eg har personlege mål eg også, og når du gjer det bra, opnar det seg opp mogelegheiter. Eg jobbar bra for å komma opp eit nivå, og eg ser ingen grunn til at utviklinga mi skal stoppa opp, seier han.

Hødd-trenar Sindre Eid er imponert over det Ulland Anderssen har gjort denne sesongen.

— Eirik jobbar mykje med avslutningane sine og får løn for det i dag. Det var eit fantastisk mål. Ti mål totalt er veldig imponerande og kjekt for Eirik, seier Eid om sin toppscorar.

- Meir nøgd med poenga enn spelet

Eid synest ikkje lagets prestasjonar var like fantastiske mot Bærum, og meiner dei var heldige som ikkje låg under etter ei svak opning på kampen.

— Eg er nøgd med siger og fire mål, men spelemessig er me ikkej heilt nøgd. Det første kvarteret er me langt under pari, og heldige som ikkje ligg under. Andreomgangen er eit hakk betre enn den første, og me vinn fortent totalt sett. Men det er ein del ting å rette på, seier han.

Også Ulland Andersen synest kampen var på det jamne, og er meir glad for poenga enn prestasjonane.

— Eg meir nøgd med dei tre poenga og måla me scorar enn spelet. Det var litt «bob bob» i dag. Men me tar tre poeng og det var veldig viktig, sidan det var fleire av dei andre topplaga som også gjorde det, seier han.

Var irritert, banka til

For sin eigen del synest Ulland Andersen at gjekk «heilt greitt» på Høddvoll-matta.

— Det gjekk heilt okei. Eg skapar ein del når eg blir sett opp. Så dett eg ut i periodar når me som lag ikkje har ballen så mykje og blir springande mykje imellom. Alt i alt gjekk det heilt greitt i dag, seier han.

Hans nydelege scoringa frå rundt 20 meter midt i andre omgang blei utslagsgjevande for Hødd, og gav Ulsteinvik-laget leiinga i kampen. Hovudpersonen sjølv var nøgd med draumetreffet.

— Eg var litt småfrustrert fordi eg ville ha ballen eit par gonger. Når eg endeleg fekk den tenkte eg at eg fekk berre skyte. Så får eg vridd ballen tilbake og er vel «okei» nøgd med den der, seier han og smiler.

Sikker på å behalda stjernene

I tillegg til 4-2-siger og tre poeng fekk Høddvoll-publikumet sjå midtbanejuvel Fredrik Aursnes styre Hødd-laget igjen, etter å ha vore ute i to kampar med ein betennelse i hælen.

Eid var godt nøgd med å ha 19-åringen tilbake i laget.

— Alle lag i OBOS-ligaen, kanskje også i Tippeligaen, vil sakna ein spelar som Aursnes. Definitivt. Men det er mange gode spelarar i Hødd no. Dei som spelar veit at dei må levera for å behalda plassen. Det er eit luksusproblem, seier han.

Han trur at både Aursnes og Ulland Andersen blir å spela i Hødd-drakt ut sesongen.

— Eg brukar ikkje energi på dei tinga. Eg trenar laget og forholder meg til det. Slik eg forstår det er dei innstilt på å vera gode for oss framover, seier han.