Kjøp billett til kampen i videovindauget ovanfor. Vi følgjer den også tekstlive i chatboksen i botnen av saka

Bærum var ein av dei store positive overraskingane i fjorårets 1. divisjon. Med ein solid 5. plass i serien sikra dei kvalifisering, der dei først slo ut Kristiansund. Deretter var dei svært nære å slå ut Mjøndalen, men bruntrøyene utlikna på overtid og vann etter ekstraomgangar. Korleis Mjøndalen gjorde det mot Brann i dei to neste kampane har nok dei fleste fått med seg.

Forventar jamn kamp

Sidan den gong har det skjedd endringar i Bærum-laget. Tidlegare Sarpsborg 08, Ull/Kisa og Hønefoss-trenar, Roar Johansen, har teke over hovudtrenaransvaret etter Morten Tandberg. Han er no assistenttrenar til Kjetil Rekdal i Vålerenga.

Jesper Törnqvist og Jonas Ingebrigtsen frå siste trening før avreise. Foto: Vebjørn Bjørkås

Hovudtrenar i Hødd, Sindre Eid, forventar god motstand i dagens kamp mot Bærum.– Det er alltid vanskeleg å seie i desse kampane. Bærum har jo fått ny trenar og har både mista og fått inn ein del nye spelarar. Det var eit godt og spelande lag i fjor. Eg forventar ein tett og jamn kamp, seier Eid.

Store ambisjonar

Hødd hadde ein svært ujamn sesong i 1. divisjon i fjor, og enda til slutt på ein 8. plass. Spesielt på Høddvoll rota blåtrøyene vekk mange poeng, som øydela sjansen til å blande seg inn i ein opprykkskamp. I år siktar Hødd høgare på tabellen.

– Me ynskjer å fortsette der me slapp i fjor haust. På dei ti siste kampane var det berre Sandefjord som plukka meir poeng enn oss. Me vil vere med å prege toppen av tabellen. Der veit me det blir tøft og jamn. Me skal bli betre enn i fjor, og då jobbar me oss frå 6. plass og oppover, seier Eid.

Berre Vegard Heltne og Bendik Torset går glipp av dagens kamp. Elles rår Eid over ein skadefri tropp. Følg kampen og chat med vår reporter frå klokka 14.30. ## Startoppstillingane:

Hødd (4-2-3-1): Falch – Ingebrigtsen, Moltu, Törnqvist, Aasbak – Wrele, Aursnes – Sveen, Magnusen, Myklebust – Karlsen

Benk: Urke, Brandal, Breivik, Sandal, Andersen, Beite, Kallevåg, Mork Kleppe

Bærum (4-4-2): Deveaux – Pedersen, Isegran, El Masrouri, Aubert – Warshaw, Gage, Giæver, Benmoussa – Tollås, Alba

Benk: Flasza, Troupe, Akinyemi, Wahlberg, Takle Hagen, Nedrebo, Juklerod, Amarh