Ein ting er å rykkja opp frå 2. divisjon, ein annan ting er å etablera seg på nivået over. Dei to siste åra har tre av fire lag som har rykka opp frå 2. til 1. divisjon, gått rett ned att. BT har snakka med Tom Nordlie (trenar for fleire norske klubbar både i 1. divisjon og eliteserien), Trond Amundsen (mellom anna tidlegare Løv-Ham-, Kongsvinger— og Fredrikstad-trenar) og Tom Mangersnes (assistenttrenar i Sogndal, tidlegare assistent i Løv-Ham) om kva som skal til for at Nest-Sotra skal halda seg i norsk fotballs nest gjævaste divisjon.

—  Ein ting er at spelarstallen kanskje bør forsterkast litt, men det viktigaste er at du trenar på høg nok intensitet og høgt nok nivå. Tempo på ein del treningar i veka må vera like høgt som i kampane ein møter i 1. divisjon. Det nyttar ikkje å trena på 60 prosent, og håpa at ein skal vera klar for tempoet når søndagen kjem, seier Nordlie, som no arbeider som fotballekspert for NRK.

— Samstundes må Nest innstilla seg på at dei kjem til å ha ballen mindre enn i fjor, noko som mellom anna medfører at forsvarsspelet må opp eit hakk og kontringane må sitja betre. Likevel, Nest har allereie gjort det vanskelegaste. Det er verre å rykkja opp frå 2. divisjon enn å halda seg i 1. divisjon, meiner Nordlie.

Fotball på lågbudsjett

Når ein er eit 1.-divisjonslag i lågbudsjettklassen - slik Nest-Sotra definitivt er - ligg ein eit stykke bak på konkurrentane på ein del område. Frå ein trenars perspektiv vil ein helst reisa til bortekampar dagen før, ha profesjonelle spelarar som kan vera på feltet på dagtid, ha ein lønna administrasjon som tar seg av alt som har med klubbdrift å gjera. For Nest-Sotra er mykje opp til dugnadsarbeid, og mange av spelarane er studentar på minstelønna 3800 kroner i månaden.

Som Løv-Ham-trenar fekk Amundsen merka korleis det var då fotballaget vaks fortare enn klubben rundt.

— Mitt råd er at Nest må syta for at organisasjonen taklar dei nye arbeidsoppgåvene som kjem. Bruk pengar til å byggja klubb, ikkje berre til å henta inn betre spelarar, seier Amundsen.

Han har følgjande tips når det gjeld det fotballmessige:

— Ha ekstremt fokus på struktur i laget. Det gjer at spelarane kjenner arbeidsoppgåvene og får sjølvtillit av det. I tillegg er det viktig å satsa på ekstremferdigheitene spelarane har.

- Førebuingar betyr alt

Mangersnes, som no arbeider i Sogndal, er spesielt oppteken av førebuingane til kamp. Då Løv-Ham spelte om kvalifisering til eliteserien i 2010 under hans og Arne Sandstøs leiing, reiste dei nesten alltid til bortekampar dagen før kamp.

— Vi var like gode heime det året som i 2009, men god form borte gjorde at vi klarte kvalik. Det er utruleg lett å ikkje sjå verdien av kva ein får i seg av mat, ei god natts søvn og ei skikkeleg opplading. Reiser du same dag som kampen er, er du fort på etterskot med energi og fokus.

— Ei anna utfordring er når du kjem til mai og mange har eksamen og har kroppar som er vande med sommarferie. Det høver dårleg med at kampane kjem tett, seier Mangersnes.

Han trur manglande profesjonalitet kan vera det som eventuelt sender Nest-Sotra ned att.

— Eg er ikkje i tvil om at Nest kan matcha alle i 1. divisjon, men over 30 kampar er det lettare å vera i HamKam der meir er på plass og hovudøkta er klokka 10 i staden for klokka 16 etter studiar og jobb.

fakta Nest-Sotras vårsesong

  • Søndag: Ranheim (b)

  • 13. april: HamKam (h)

  • 21. april: Bærum (b)

  • 27. april: Mjøndalen (h)

  • 1. mai: Hønefoss (b)

  • 4. mai: Tromsdalen (h)

  • 11. mai: Tromsø (h)

  • 16. mai: Fredrikstad (b)

  • 20. mai: Sandefjord (h)

  • 25. mai: Hødd (b)

  • 29. mai: Ull/Kisa (h)

  • 1. juni: Kristiansund (b)

  • 9. juni: Strømmen (h)

  • 15. juni: Bryne (b)

  • 22. juni: Alta (b)