Hødd såg ut til å melde seg ut av opprykkskampen etter 0-2-tap borte mot Åsane, og 0-4-tap heime mot Levanger for nokre veker sidan. Men etter to imponerande sigrar mot Sandnes Ulf borte og Bryne heime, er Ulsteinvik-laget for alvor inne i opprykkskampen igjen.

No er det berre to poeng opp for Hødd til den direkte opprykksplassen som fylkesnabo Kristiansund innehar på betre målskilnad enn Brann før helgas runde.

Follo i svak form

To veker er gått sidan det sist var kamp i 1. divisjon. Då leverte Hødd ein god kamp heime mot Bryne, og vann fullt fortent 2-0 mot laget frå Jæren. Dagens motstandar, Follo, tapte den tøffe bortekampen mot Sogndal, og utvida med det rekka med tap til fire kampar.

I kampen mot Bryne fekk ungguten Sondre Beite (19) sin første kamp frå start for blåtrøyene, då han erstatta toppscorar Eirik Ulland Andersen, som sona karantene i den kampen. Han er no tilbake, og går naturlegvis rett inn på sin venstrekant i Hødd-angrepet.

Held fram med backane

I 2013, då Follo sist var oppe i 1. divisjon, enda det 2-2 mellom Hødd og Follo på Ski stadion. Målscorarar den gongen var Steffen Moltu og Joachim Magnussen. Begge dei er med i troppen til dagens kamp, men berre Moltu startar for bortelaget. Han tar plass i midtforsvaret saman med hans faste makker Jesper Törnqvist.

Hødd-trenar Sindre Eid vel også å fortsette med Vegard Heltne og Ole Amund Sveen på backane i kveldens kamp mot Follo. Både Christoffer Aasbak og Jonas Ingebrigtsen, som har spelt dei fleste kampane i forsvaret til Hødd i år, er plassert på benk.

Hødd (4-3-3): Aslak Falch – Ole Amund Sveen, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Vegard Heltne – Torbjørn Kallevåg, Joakim Wrele, Fredrik Aursnes – Magnus Myklebust, Michael Karlsen, Eirik Ulland Andersen

Benken : Ole-Monrad Alme, Joachim Magnussen, Robin Shroot, Jonas Ingebrigtsen, Christoffer Aasbak.