SLIT: Nest-Sotra og Simen Næss har det vanskeleg denne sesongen. I fjor var Næss ein målfarleg spelar, men i år har det berre vorte to mål på 21 kampar i 1. divisjon for Næss. ARKIVFOTO: Paul Sigve Amundsen.

— Me har ein stor jobb framfor oss, men det har me hatt i heile år. Me tapte dei fire første kampane, og i sommar var me åtte poeng bak sikker plass. No er me fire poeng bak. Eg trur framleis me kan klara dette, seier Ruben Hetlevik, trenar for Nest-Sotra.- Det er fullt mogeleg å vinna fire av dei sju siste kampane. No må me berre vera offensive i hovudet, og tenkja at me ikkje har noko å tapa, seier Nest-angripar Simen Næss.

Nest sist i divisjonen

Med 3-0-tap med seg heim frå Sogndal måndag kveld, treng Nest-Sotra all den optimismen dei kan få. Laget ligg no nest sist i 1. divisjon, fire poeng bak Åsane som ligg rett over nedrykksstreken.

For å karra seg opp på den rette sida, må Nest-Sotra truleg vinna minst fire av dei sju siste kampane laget har att. Erfaring frå dei siste åra i 1. divisjon viser at ein må opp på 34–35 poeng for å ha ein sjanse til å overleva. Med siger i fire av dei siste sju, vil Nest-Sotra stå på 33 poeng. No har laget 21 poeng.

— Det er ei stor oppgåve å vinna fire av dei siste sju kampane, men me er klare for den. Det er heller ikkje sikkert at me treng 35 poeng, seier Hetlevik. Nest-Sotra møter no Sandnes Ulf, som har mista forma heilt, heime på Ågotnes i neste kamp. Fire av dei siste sju kampane er heimekampar.

— Det er ein stor fordel, meiner Næss.

Frispark i vinkelen

Nest-Sotra såg ut som ein million dollar i starten av kampen på Fosshaugane måndag. Ballen var hos ein grøn spelar stort sett heile tida, og Sogndal vart spelt lave si eiga heimebane.

Men då Nest ikkje klarte å utnytta det spelemessige overtaket, viste Kristian Fardal Opseth stjernekvalitet, i alle fall av Obos-kaliber, då han fekk sjansen på eit frispark frå 18 meter. Opseth gjekk for keeperhjørnet, men skaut rett og slett så knallhardt opp i krysset, at skotet var bortimot utakbart for Nest-keeper Øystein Øvretveit. 1–0 kom i det 34. minutt, altså mot spelets gang.

— Det var bittert då han dunka ballen i vinkelen akkurat då me hadde hatt ein god halvtime, utan å klara å score. Irriterande, konstaterer Hetlevik.

Så fekk Nest 2–0 i sekken sju minutt seinare. Ein ball kom i bakrommet, og Sogndals Mahatma Otoo hamna i ein løpsduell med Nests Mads Nielsen, der Otoo minna om Linford Christie i sine glansdagar, mens Nielsen såg ut som ein mosjonist for seint ute til bussen. Åleine med keeper scora Otoo enkelt, og dermed var kampen i praksis avgjort.

Andre omgang vart ein lang seanse der Nest-Sotra prøvde, mens Sogndal eigentleg hadde full kontroll. Derfor var det eit verdig punktum for serieleiarane, då Opseth sett inn sitt andre frisparkmål for dagen fire minutt før slutt til 3–0. Frå spiss vinkel skrudde han ballen i lengste hjørne.

— Dette var ein tung kamp. Me hadde Sogndal litt på gaffelen, men etter at dei fekk 1–0 ut av ingenting, endra kampen seg heilt, seier Næss.