Hødd stod med fire strake bortekampar utan tap, og måtte tilbake til 20. mai for å finne sist gong dei blåkledde måtte reise tilbake til Ulsteinvik utan poeng. Men mot Strømmen onsdag kom også borte-smellen. Etter 4-1-tap ser Hødd i augneblinken ut som eit ekte nedrykkslag.

Venstreback Victor Grodås var svært skuffa etter nok ein gong å ha sleppt inn fire mål i mot og null poeng.

– Det er veldig tungt. Det er det. Eg synest me er bra første halvtimen, og gjer det me har planlagt. Så slepp me inn det 1-1-målet. Resten av kampen synest eg me slit veldig, seier venstreback Victor Grodås.

– Kollapsar når me får mål i mot

Som så mange gonger før i år klarte ikkje Hødd å reise seg etter eit baklengsmål. Også mot Strømmen onsdag gjekk ting i stampe etter ei utlikning.

– Me prøver jo ikkje å tenke slik når me er utpå der, men det verkar som om me kollapsar litt når me får mål i mot. Kvifor det er slik, veit eg ikkje. Hadde me visst det, hadde me gjort noko med det, seier Grodås.

– Sviktar i dei avgjerande situasjonane

På dei siste fire seriekampane har Hødd sleppt inn 13 mål. Venstrebacken meiner det defensive er eitt av dei største problema til Hødd om dagen.

– Me slepp inn frykteleg mange mål. Då vert det vanskeleg. Og ofte også tidlege mål. Me sviktar i dei avgjerande situasjonane inne i boksen. Det må me bere få gjort noko med, seier Grodås.

– Plutseleg er det berre svart

Heilt på tampen av kampen vart audmjukinga komplett, då Jesper Törnqvist og Victor Grodås stod for kampens store prestasjon, og laga eit heilt utruleg sjølvmål. I staden for å klarere ballen ut, skaut finnen ballen rett i ansiktet på Grodås og inn i Hødd-målet.

Venstrebacken klarar å flire av den merkelege situasjonen, trass i skuffelsen etter dagens resultat.

– Det er vel etter eit langt innkast at ballen plutseleg dett ned hos Jesper (Törnqvist) inne i feltet. Så plutseleg er det berre svart. Eg får takke Jesper for den. Det var hyggjeleg gjort, seier Grodås ironisk.