Med 2-0 over Follo sende Hødd cupfinalistane frå 2010 ned til andredivisjon. Samtidig sikra Hødd seg minimum ein playoff-kamp heime på Høddvoll.

– Eg tenkjer ikkje på playoff i det heile teke. Vi skal rykke direkte opp. Eg trur vi skal klare å fikse opprykket neste helg , glisar målscorar Eirik Ulland Andersen.

Lars Arne Nilsen er på si side ikkje like kategorisk og sjølvsikker.

– Det er playoff som har vore målet, og det er betryggande å vite at den er sikra uansett korleis det går mot Mjøndalen. Det er veldig viktig at vi får heimekamp der, seier Nilsen.

– Har dykk no alt å vinne i siste serierunde?

– På ein måte har vi det, men samtidig er vi så nær no at det vil vere litt surt om vi ikkje gjer jobben vår mot Mjøndalen. Eg trur nemleg at Stabæk vil gi vekk poeng mot eit Bodø/Glimt-lag som vil avslutte sesongen med stil, seier Hødd-trenaren.

Opprykksklare Bodø/Glimt slo Kongsvinger heile 8-0 sundag. Samtidig må Mjøndalen slå Hødd om bruntrøyene skal sikre seg ein playoff-plass.