Gjennom eit samarbeid med Toppfotballsenteret skal Hødd få fram fleire lokale – og regionale spelarar. Satsinga skal koste to millionar kroner i året.

– Vi er ikkje heilt fornøgde med dagens situasjon, for vi skulle gjerne hatt fleire lokale og regionale spelarar som spelte fast på laget. Vi har framleis mange i spelarstallen, men vi ønskjer å få fram fleire toppfotballspelarar som kan vere sentrale på laget, seier styreleiar Bård Dalen i Hødd Fotball.

Dei har sett tøffe og veldig ambisiøse mål.

I går presenterte Dalen, ansvarleg for prosjekt og utvikling André Nevstad og Dag Opjordsmoen frå Norsk Toppfotballsenter korleis «Prosjekt Toppspelarutvikling» skal gjere klubben sterkare i framtida. Senteret samarbeider frå før av med Bodø/Glimt og Stabæk, og samarbeidet med Hødd kom i gong i fjor haust.

Langsiktig prosjekt

– Vi presenterer ikkje dette no fordi vi ligg på tiandeplass i 1. divisjon, men det er snakk om eit langsiktig prosjekt, seier Nevstad.

Hødd har fått kritikk i år for å bruke for få lokale – og regionale spelarar. I fleire seriekampar har det berre vore ein slik spelar som har spelt frå start. Slik vil ikkje klubben ha det i framtida. Dei har difor bestemt seg for å sette tøffe krav om kva dei skal få til innan 2020:

A-stallen skal innan 2020 bestå av 18 utespelarar, to krepere og to «lærlingar».

Det skal vere elleve klubbutvikla spelarar i a-stallen (minst tre år i klubben i alderen 12–21 år).

Minst halvparten av desse klubbutvikla spelarane skal kome frå Hødd sjølv. Det skal vere tre regionale spelarar frå Møre og Romsdal/Sogn og Fjordane, i tillegg til fire nasjonale/internasjonale spelarar.

Ambisiøse mål

– Det er veldig inspirerande å ha Hødd med i eit slikt prosjekt. Dei har sett tøffe og veldig ambisiøse mål for seg sjølv, seier Opjordsmoen, som er fagansvarleg for fotballferdigheiter på Toppfotballsenteret.

Eit av måla er også at Hødd skal selje ein spelar til eliteserien eller utlandet annakvart år. I tillegg skal dei ha minst ein spelar på aldersbestemte landslag til kvar ein tid.

– Det er ikkje berre Hødd som ikkje har fått opp så mange lokale – og regionale spelarar som dei har jobba for. Det er noko vi ser i mange klubbar, men no tek dei fleire spennande grep, seier Opjordsmoen.

Ein blå tråd. Frå 1. januar 2017 skal Hødd etablere det dei kallar «Høddskulen», som skal vere ein blå tråd gjennom korleis klubben skal jobbe med spelarutvikling. Ein skal ha fleire treningar frå seks år og opp til seniornivå. For å klare det er planen å styrke oppbemanne med fire nye fullstillingar. Desse skal både vere trenarar og bidra inn mot Team Søre og klubbens fotballfritidsordning.

Høddskulen blir eit ekstratilbod til dei som vil trene meir. Det betyr også at det vil vere snakk om å betale eigendel.

Millionkostnader

– Det er noko som kjem til å koste rundt to millionar kroner årleg. Vi skal finansiere det gjennom støtte frå Norsk Toppfotball, sponsorar og eigendel. Det er snakk om ei ganske ambisiøs satsing, seier Nevstad.

Han håper Høddskulen og dei andre tøffe krava skal heve klubben på kort og lang sikt.

– Eg vil understreke at vi framleis skal ha eit godt breddetilbud for gutar og jenter som no, men vi skal forsterke det med bidrag frå trenarane som blir tilsett. Spelarar frå regionen vår som også vil satse litt ekstra, kan få lov til å delta på ekstratilbodet vårt, seier han.