For to serierundar sidan var Hødd berre tre poeng bak direkte opprykk til eliteserien. Men tap for Nest-Sotra og Hønefoss i dei neste kampane, har gjort at laget berre er eitt poeng unna å miste kvalifiseringsplassen.

– Vi har hatt ein god prat om kampen og er einige om å løfte oss kraftig fram mot søndagens kamp. Vi skal ned dit for å angripe og vere offensive i hovudet, seier trenar Sindre Eid til Sunnmørsposten.

Følg kampen direkte og chat med vår medarbeider fra kl 18.

Langt nede

Det er liten tvil om at både Eid og spelarane var langt nede etter det særs skuffande tapet mot Hønefoss. Då spelte dei ein særs skuffande kamp offensivt.

– Vi må reise oss igjen etter desse to tapa, men vi er framleis med i kampen om kvalifiseringsplass, seier kaptein Jesper Törnqvist. Han legg ikkje skjul på at det vil vere eit stort vonbrot om det ikkje blir kvalifiseringsspel for Hødd.

– Men det er ikkje noko vi tenker på slik situasjonen er no. Det hadde vore veldig moro med desse ekstra kampane som blir som cupfinalar, seier han.

Stabilt topplag

– Eg synest vi har utvikla oss til å bli eit stabilt topplag som har vore på 3. – 4.-plass nesten heile vegen. Det har ikkje Hødd klart sidan dei rykka opp sist, så det handlar om å avslutte sterkt. Det er mogleg det berre vil skilje tre poeng mellom 4. – 7.-plass til slutt, seier Eid.

Fredrikstad har berre tapt ein heimekamp denne sesongen, men er berre det åttande beste heimelaget.

Tøff avslutning

– Det blir ein tøff kamp der nede, men eg har sagt i heile år at mot slutten av sesongen kan det skje mykje. Vi har tre matchballar igjen, så det får berre breste eller bere mot Fredrikstad, seier Hødds trenar.

Etter søndagens kamp mot Fredrikstad ventar Strømmen på heimebane og Brann borte i siste serierunde.

– Eg trur det kan ende med at kampen mot Brann blir særs viktig for oss. Men fotball er heilt ufarleg og det er noko vi gler oss til.

– Eg håper vi klarer å avgjere det heile før den siste serierunden, men det viser seg frå år til år at det ofte skjer mykje då, seier Hødd-kapteinen.