Øystein Vestvatn og Didrik Sereba blir Hødd-spelarar frå torsdag. Begge kjem frå Follo, der klubben også har henta sin nye trenar Hans-Erik Eriksen.

Vestvatn stadfestar torsdag at han er på veg til Ulsteinvik-klubben.

– Eg er blitt veldig imponert over klubben så langt. Dei verkar seriøse og har eit flott anlegg. Dette er eit stort steg i rett retning for meg, seier midtbanespelaren som i 2015-sesongen blei kåra til spelaranes spelar i sin gamle klubb.

Sunnmørsposten har tidligare denne veka skreve at 20-åringen Sereba berre ein medisinsk sjekk frå ein overgang til Hødd. Han kjem frå Follo

— Eg trur ikkje eg kan snakke så mykje om det no. Eg trur det går i boks om nokre dagar, sa Sereba til smp.no tidligare i veka.