Harøy ligg i balansepunktet mellom Ålesund og Molde.

Det gjenspeglar seg også i fotballsamanheng. Dei er romsdalingar, men spelar i kretssystemet på Sunnmøre. Nokon er AaFK-supporterar, andre held med MFK, men etter onsdagens trening og «fotballskule» på Harøy Stadion er forholdet som å lese tabellsituasjon akkurat no. Det vil seie klar leiing til Molde.

(Artikkelen fortsetter)

Mattias Mostrøm koste seg også. Her mellom frå v.: Benjamin Harnes og Stian Brunvoll. (Foto: Svein Ove Søholt)

Begge i 100

Til liks med Molde er Harøy inne i sitt jubileumsår. Harøy vart stifta 11. februar 1911 og hadde sin jubileumsfest i februar. Molde stilte sjølvsagt mannsterkt opp med gåver og helsingar på sjølve festen.

Men som eit vidare ledd i markeringa vart Harøy også vald som ein av åtte klubbar MFK ville besøke med sine spelarar og støtteapparat.

Poenget med slike distriktsturnear med fotballaktivitetar for yngres avdelingar er at MFK ønsker å stå fram som ein open klubb for alle i regionen.

Nøgd manager

— Dette er viktig for å bygge positive relasjonar, hevdar klubben. Ole Gunnar Solskjær og resten av hans stab er glad for at denne tradisjonen frå 2009 blir vidareført.

– Vi har det minst like artig vi som borna, strålte han i sola på Harøy Stadion.

Og gjett om dette er populært i yngres avdelingar. På Harøya var heile 110 lærevillige fotballentusiastar frå 6–16 år påmeldt for å få inspirasjon, og alle var minst «i 100» for å få treffe sine idol.

Og det var ikkje berre dei unge som møtte fram. Foreldre og besteforeldre tok seg fri på arbeid for å oppleve Solskjær & Co boltre seg saman med borna.

(Artikkelen fortsetter)

Hele gjengen samlet på Harøya. (Foto: Svein Ove Søholt)

Autografar

I pausane gjekk autografblekket nærast varmt på både unge og eldre sine tekstilar, og det er gjerne frå barnemunn ein skal høyre det: «Mamma, kvifor rota han på skjorta di?», var det ein som undra.

Primus motor for opplegget på Harøya, Sylvi Hersel, fortel at ho har opplevd kjemperespons.

– Mange har gledd seg heilt frå februar da det vart kjent at MFK ville besøke Harøya, sa ho.

Ein annan vi møtte var heilt oppglødd.

– Dette var kjempegreier av MFK. Det er dette vi har sakna; tilhøyrigheita. No blir det mange fleire båtlaster inn til Molde sine heimekampar enn det som alt er, sa Frank Vassgård.

Veldig interesse

I etterkant av det som skjedde ute på bana heldt Akerakademiet og Knut Halvard Eikrem seminar for foreldre, trenarar, oppmenn og eldre spelarar i allrommet på Harøy Samfunnshus.

Her også var responsen stor. Heile 42 personar deltok. Eikrem var heilt overvelda.

– Eg har aldri opplevd maken til interesse for dette opplegget andre stader, sa han.