Ho jublar når den firbeinte pelsdotten bykser opp og tar plass i hjørnekroken. Snart er heile familien, og nær sagt resten av slekta, i OL-byen og på tribunen når Tommy Urhaug (32) startar medaljejakta i Paralympics.

Den 17 månader gamle dottera får med mamma Gunn, besteforeldra på begge sider, tanter og onkler når ho skal ut på sin første flytur — og vera med og heie pappa til suksess i London.

- Det betyr mykje å ha familien med. Det gjev meg ro og tryggleik, forsikrar Tommy.

Men katten - rettare sagt, kattane - må bli heime. For Lolly har også ein bror: Sprettis. Han lever ikkje akkurat opp til namnet der han ligg og døsar i kjøkenkroken når BT er på besøk. Men uansett: dei vert att på Manger når verdas beste bordtennisspelar i rullestol skal prøva å vinna det einaste han manglar i si rikhaldige premiesamling: gull i Paralympics.

Han har fire VM-gull og sju EM-gull. Tre gongar er han kåra til årets funksjonshemma idrettsutøvar i Norge - på idrettsgallaen i 2002, 2006 og 2007. - Du har vunne det som er mogleg innan din idrett?

— Nesten, korrigerer Tommy.

Gullet som manglar

For det er ein ting som manglar: gull i Paralympics, som er handicap-idretten sitt OL. Der står han rett nok med medalje - bronsen han tok i Beijing - men gullet er ikkje hanka inn. Det har han lyst til å gjera noko med no. Leikane i London vert Tommy Urhaugs fjerde Paralympics, men ikkje nødvendigvis eit punktum for karrieren.

- Det har eg ikkje tatt noko endeleg standpunkt til. Den avgjerda tek eg uavhengig av kva eg får til i London. Det er andre ting som avgjer det, forhold som økonomi, familie og støtta frå forbund og sponsorar, svarer Tommy Urhaug.

- Ikkje råd til feilskjær

Både i Aten i 2004 og i Beijing i 2008 var han favoritt. No er han ranka som nummer to i verda, bak kinesaren Ning Ning. Å ta gull er likevel det soleklare målet:

— Det er difor eg reiser, ikkje for å bli nummer tre ein gong til. Det er gullet som gjeld, men eg har likevel eit meir avslappa forhold til dette no enn før.

Men ingen skal tru at det er berre å dra og henta medaljen.

- Nivået er tøft, og nålauget for å gå vidare frå gruppespelet er trongt. Med fire puljer og tre spelarar i kvar, er det berre vinnarane som går vidare til semifinale. Det er ikkje råd til feilskjær, påpeikar Urhaug.

Han er ein av fire som er toppseeda, og såleis kjem i kvar si pulje. Ved sida av Ning Ning og han sjølv, er det to koreanarar.

— Lett blir det likevel ikkje. Eg må vera skjerpa heile vegen.

Opningskampen spelar han i morgon. Andre kamp er tidleg laurdag. Vinn han pulja, er det semifinale same kveld. Finalen og bronsefinalen er søndag.

Harmonisk oppkøyring

Oppkøyringa til London står i sterk kontrast til i 2008, då han var på reisefot nesten heile tida:

— Då var det ekstremt. Dei siste fire månadene før Beijing var eg vel heime to veker til saman, minnest han.

Slik er det ikkje no. Han har vore mykje heime, med kone og barn. Ei matforgifting i Slovakia i mai medverka også til at samlingar i utlandet gjekk fløyten, til fordel for heimlege trakter på Radøy.

— Det vart ein månad utan særleg trening, men dei siste samlingane i Slovenia og i England har vore veldig bra. Siste veka har eg også fått samla overskot heime med familien, fortel han.

Då BT var på besøk førre torsdag - to dagar før avreise - råda familieidyllen. Dottera Øyvor virvlar som ein propell opp og ned stovegolvet. Kosedyra Kuraffen og Fantorangen - favorittar frå barne-tv, samt istid-figuren Sid - blir med jamne mellomrom dytta opp i fanget vårt, innimellom penn og blokk og kamera. Når kaffikoppen vår er tom, er ho kjapt framme og tilbyr saft frå drikkeflaska si - lenge før mamma Gunn har rukke å henta ny kaffi frå kjøkenet.

— Eg er så klart litt nervøs! Øyvor har jo aldri vore på fly før, kjem det frå ho som har reist med ektemannen på meisterskap over heile verda.

— Men det vil vel helst gå bra.

At gjengen frå vest gir lyd frå seg når kampane startar, er det neppe grunn til å tvila på.