HØDD-BÆRUM 2-0

Scoringar av Michael Karlsen og og Joachim Magnussen gav Ulsteinvik-laget ei bra opning på årets La Manga-opphald. Til tider var det berre eitt lag utpå banen på Pinatar Arena, Bærum hadde lite å stille opp med mot eit defensivt solid Hødd-lag.

VIDEO: SJÅ HØGDEPUNKT FRÅ KAMPEN ØVERST I SAKA.

Men dei første 45 minuttane var ein sjansefattig affære på knusktørre Pinatar Arena. Hødd styrte det meste av banespelet, men sleit med å skape skikkelege målsjansar på eit kompakt Bærum-lag. Etter halvtimen fekk dei sjansen til å gå i føringa frå krittmerket. Hødd-spiss Michael Karlsen drog seg fint inn i feltet frå høgresida, og blei lagt i bakken av Bærums midstoppar, Matias Pedersen. Straffesparket var soleklart, og frå 11-meteren gjorde Karlsen ingen feil. Han sendte keeper feil veg, og ballen trilla sikkert midt i mål til 1-0. ## Bærum best i opninga

Joachim Magnussen (til høyre) scoret det ene av Hødds to mål. Foto: Digitalsport

Kampens første sjanse var det likevel Bærum som stod for. Etter 18 minutt kom høgreback Jan Aubert seg enkelt ned langs si høgreside, og fekk slått eit skummelt innlegg inn i Hødds femmeter. Ei tå på ballen hadde vore nok til å få den inn, men heldigvis for Hødd var Bærum-angriparane passive i situasjonen og ballen trilla rett gjennom feltet.Etter scoringa bølga spelet fram og tilbake, utan at nokon av laga klarte å skape dei heilt store sjansane. Pausestillinga var eit greit bilete av den første omgangen. Hødd styrte spelet, men i den første omgangen var Bærum heilt på høgde.

Botnsolid andreomgang

Andre omgang starta meget bra for Ulsteinvik-laget. I løpet av dei to første minuttane skapte laget to halvsjansar, og kopla eit grep frå avspark av. Og allereie etter fire minutt kom 2-0 målet. Eit langt oppspel blei stussa ut til venstre av Karlsen. Der tok Joachim Magnussen ballen vakkert ned før han drog seg innover i banen, passerte eit par Bærum-spelarar og banka ballen nede ved stolperota frå 16 meter. Ei flott scoring av angriparen, i ein periode Hødd var veldig bra.

Like etter var Hødd frampå igjen ved Fredrik Aursnes. Denne gongen smalt det i stolpen bak Bærum-målvakt, Kris Deveaux. Frå like utanfor feltet fekk Hødd-spelaren stå heilt fritt til å sikte, men uheldigvis for midtbanespelaren var ikkje centumeterane på hans side.

Bærum nær redusering

Utover i omgangen gjorde Eid eit par spelarbyter. Både Eirik Ulland Andersen og Erik Sandal, som begge kjempar seg tilbake etter lengre skadeopphald, fekk speletid i den andre omgangen. Også nykommar Torbjørn Kallevåg kom inn for blåtrøyene.

Bærums burde redusert like før slutt, då Riki Alba fekk stå heilt aleine på elleve meter. Men med «ryggsekk» på, gjekk avslutninga like over mål.

Meir skjedde det ikkje i møtet mellom dei to 1. divisjonslaga. Ein fortent 2-0-siger til Hødd, som gjorde ein god treningskamp. Mandag møter Hødd Hønefoss til ny kamp på same bane.

VI FULGTE KAMPEN: