Follo-Hødd 3-0

Hødd opna kampen mot Follo greit, og hang godt med i opningsminuttane på Ski stadion. Men i det 6. minuttet, litt ut av ingenting, starta det som skulle bli ein mareritt-omgang for Ulsteinvik-laget.

Etter ei klarering opp i banen frå Aslak Falch i Hødd-målet, blei ballen heada tilbake mot Hødd-målet frå Follos Patrik Korneliussen midt på banen. Headinga var så god at plutseleg var Øystein Vestvatn heilt aleine igjennom. I duell med Falch gjorde Vestvatn ingenting feil, og lobba ballen kontrollert over Hødd-keeperen til 1-0 for Follo.

Det såg ut til at ein offside-plassert Akinbola Akinyemi «finta» Hødd-forsvaret ut av spel, og som gjorde at Vestvatn og Follo fekk så enkel veg til Hødd-målet på opningsscoringa. Men Akinyemi viste tydeleg at han ikkje var med i spelet, og scoringa blei korrekt ståande.

Blei tomålsscorar på 17 minutt

Hødd-trener Sindre Eid måtte konstatere at laget hans ikke var godt nok søndag. Foto: Arkivbilde

Og etter 1-0-scoringa tok heimelaget verkeleg over. I løpet av tre-fire minutt fekk Follos toppscorar Alexander Ruud Tveter to gode sjansar til å auke leiinga, men både avslutninga med foten og hovudet gjekk like utanfor stolpane til Falch i Hødd-målet.Men i det 17. minuttet fekk heimelaget utteljing for presset. Og det var på dødball det kom. Ein presis corner høgresida blei forlenga på første stolpe av Torstein Mjønner.

Stussen lukta Vestvatn retninga på, og stod plutseleg heilt umarkert på fem meter inne i Hødd-feltet. Hans andre scoring for dagen var av det svært enkle slaget, og heimelaget og Vestvant hadde fått ei draumeopning på kampen.

Punkterte kampen midtvegs

Og det skulle bli verre for Hødd-laget. Spelemessig betra Ulsteinvik-laget seg stort etter 2-0-målet, og klarte å sette eit visst trykk på heimelaget i minuttane etter Vestvatn sitt andre mål. Eirik Ulland Andersen klarte å skape to gode sjansar for bortelaget, men klarte ikkje å finne nettmaskene, verken med hovudet eller med eit skot frå rundt 20 meter.

I staden var det Follo og Akinyemi som skulle auke leiinga for Ski-laget. Berre sju minutt etter 2-0-målet var katastrofen komplett for Hødd-laget. Ei forferdeleg klarering av Hødds venstreback Vegard Heltne endte opp rett i føtene til Akinyemi, som tok ballen med seg eit par meter inn i feltet før han banka ballen opp i nettet til 3-0 for heimelaget.

Mens Follo-spelarane jubla nede ved cornerflagget, samla Hødd-kaptein Jesper Törnqvist laget til eit kort «spelarmøte» ute på matta. Men han såg ikkje ut til å klare å inspirere Hødd-laget stort, for i løpet av dei siste 20 minuttane var heimelaget nærare både 4-0 og 5-0 enn Hødd var ei redusering.

Moltu nære på

Hødd kom ut til andre omgang mykje friskare, og skapte lagets største sjanse før fem minutt av andre omgang var spelt. Ein presis corner frå Heltne blei svinga inn mot keeper. Jonathan Rasheed i Follo-buret missa i det han skulle bokse ballen ut, og den enda i staden på panna til Steffen Moltu, som heada like over mål. Ein kjempesjanse for Ulsteinvik-laget.

Men om sjansen til Moltu var stor, var det som skjedde i andre ende like etterpå minst like farleg. Ruud Tveter blei vakkert spelt igjennom av Akinyemi, og trilla ballen fint forbi ein utrusande Falch. Men diverre for Ruud Tveter gjekk avslutninga nokre få centimeter på feil side av stolpen.

Follo med angrepsoppvisning

Og heimelaget fortsette å køyre kampen. Etter eit fint angrep langs høgresida, drog Akinyemi seg fint innover i banen, dribla vegg to Hødd-forsvararar før han tråkla seg inn i feltet. På ti meters hald, aleine med Falch, sette han ballen rett på Hødd-keeperen.

Like etter var det Vestvatn som var nære på å score sitt tredje for dagen då han fekk lada kanona på rundt 20 meter. Ballen strauk utsida av stolpen, og 4-0 let vente på seg.

Utover i kampen blei det rett og slett ei oppvisning i angrepsfotball, men også av misbrukte mogelegheiter frå Follo-laget. Gong på gong kom Ski-laget til store sjansar som dei misbrukte. At det enda 3-0 i denne kampen var minst like sjokkerande som at Follo rundspelte Hødd på heimebane denne søndagen. Både Akinyemi, Ruud Tveter, Mjønner og Vestvatn hadde gigantsjansar på stillinga 3-0. Men det ville seg ikkje føre målet i den andre omgangen for Ski-laget, som likevel kunne innkassere tre svært viktige poeng i nedrykkskampen etter ein imponerande 3-0-siger over eit tafatt og svakt Hødd-lag.