— Eg meiner den lokale profilen er intakt. Dei fleste som har gått ut har ikkje vore frå Hordaland, og me har framleis over rundt 13 i stallen frå fylket. I tillegg har me har spelarar frå Sotra i førsteellevaren som pregar kampar, seier Nest-Sotra-trenar Ruben Hetlevik.

Det vart 0-3-seier borte mot Levanger søndag, og med det har Nest-Sotra for alvor kome i form etter ein svak start på sesongen. På dei ti siste kampane, har strilane tapt berre to gongar, og laget har no to poeng opp til sikker plass i 1. divisjon.

Storspel av Øvretveit

Mykje av æra for at laget no har to sigrar på rad, og spelar godt att, skal lagets mange nye spelarar har. Åtte er kome inn, og 11 har reist frå Nest-Sotra i sommar, ifølgje Hetlevik. Det har vore ei skikkeleg reingjering. Mot Levanger var det to av dei nye som avgjorde. Petrit Zhubi (henta frå Åtvidaberg) scora 0–1 og 0-3, og Alagie Sosseh (henta frå Mjøndalen) putta 0–2. — Nest-Sotra har vore ein fantastisk klubb å koma til. Spelarane er ein fin gjeng, og folk elles i klubben har tatt godt i mot oss nye, seier tomålsscorar Zhubi.

Sjølv om Nest-Sotra har mange nye, er det framleis spelarar frå Sotra på laget. Øystein Øvretveit frå Tælavåg prega kampen mot Levanger med fleire kampvinnande redningar i første omgang, då Levanger var det beste laget.

— Øystein fortener all den skrytet han kan få. Det han har gjort sidan midten av mai fram til no, etter ein vanskeleg start, har vore imponerande. No ser me ein heilt annan Øystein, som er trygg og kosar seg med fotballen att, seier Hetlevik. Han meiner det var nødvendig å gjera utskiftingar i stallen.

— Det har mykje å seia for oss at me har fått inn nye spelarar. Det har gjort at konkurransesituasjonen på trening er ein heilt annan. No må spelarane visa seg mykje meir for at dei skal få ein plass på laget, slik var det ikkje i like stor grad tidlegare i sesongen, seier Hetlevik.

Ingen overgangssummar

Trenaren understrekar at Nest-Sotra ikkje har betalt overgangssum for nokre av dei nye spelarane, og at lønsbudsjettet ikkje er større enn kva det var i år. Reknar ein inn millionsalet av Steffen Lie Skålevik til Brann, har Nest-Sotra gått i pluss i overgangsvindauget.

— Me har handla smart og bra, om eg får seia det sjølv, kommenterer Hetlevik.

Zhubi og Sosseh var viktige for Nest-Sotra mot Levanger. Zhubi markerte seg med fart og målteft. Men også han medgir at Nest-Sotra var noko heldige som vann 0–3. For fram til Nest fekk 0–1 på det Zhubi kallar ein halvsjanse, og til Levangers Ørjan Hopen vart vist ut like etter for ei takling på Kristoffer Zachariassen, var Levanger det beste laget.

— Etter det gav Levanger opp. At me ikkje slapp inn mål før pausen, kan me takka keeper Øystein Øvretveit for, seier Zhubi.