– Vårkampen på Kadettangen vart heilsvart for oss. Vi har mykje å revansjere etter 0–4 tapet mot Bærum der, seier Hødd-trenar Sindre Eid.

Og søndag kjem nettopp Bærum på vitjing til nye Høddvoll. Eit Bærum-lag som har variert veldig i prestasjonane.

Det har Hødd også, men akkurat no har Hødd fjerdeplassen på tabellen. Medan Bærum er nr. 10, men berre fire poeng bak Hødd.

– Vi følte at vi burde hatt minst eitt poeng med oss frå Kristiansund sist, men slik vart det ikkje. Og spelarane veit kva som står på spel søndag. Skal vi henge med «oppi der», bør vi så absolutt vinne mot Bærum. Eg sjølv har ekstremt lyst på tre poeng, og det veit eg spelarane også har.

Direkte kl. 18: Hødd-Bærum

Aursnes usikker

Nøkkelspelaren Fredrik Aursnes spelte ikkje mot KBK grunna ein betennelse i den eine hælen. Betennelsen er framleis der, men han er i betring.

– Vi får sjå om Fredrik er aktuell. Han skal testast på trening laurdag, og kanskje også føre kampen, fortel Eid.

Hødd har hatt AaFK-spelaren Thomas Martinussen på trening denne veka, og Sindre Eid håper at Martinussen og AaFK går med på ein låneavtale ut sesongen.

– Thomas gjorde eit positivt inntrykk, er lokal, og vi skal ha ein prat med AaFK over helga, seier Sindre.

Som trur Bærum vil gje Hødd hard kamp.

Henta inn «Ygg»

– Dei har henta inn tidlegare AaFK-back Hugues «Ygg» Wembangomo, og også fått låne VIF-spissen Moussa Njie. Og vi må også halde eit auge med vår tidlegare spelar Kristoffer Tollås, som er særs viktig for Bærum, meiner Hødd-trenaren.

Bærum er som Hødd eit lag som likar å halde ballen i eige lag.

– Vi veit kva som ventar oss, men heime på Høddvoll er det vi som skal styre det meste. Vi har tapt to kampar heime i år, det får halde. No ventar 14 «cupkampar» for oss før serien er slutt, og det hadde vore kjempemoro om den siste kampen, borte mot Brann, hadde blitt heilt avgjerande for eit opprykk. Med far og son Nilsen på Brann, smiler Eid.