Det kom overraskande på heile Hødd at «Jalle» som har spelt samtlege kampar denne sesongen, plutseleg ikkje kan spele mot KFUM Oslo. Ettersom Hødd berre har Urke og Alme i troppen har ikkje Hødd fleire målvaktar om noko skulle skje med Alme i løpet av kampen. Ole Monrad Alme er 19 år. Han fekk to og ein halv kamp for Hødd i førstedivisjon i fjorsesongen.

Til ferie med god eller vond kjensle

Denne 17. runda er Hødd sin siste sjanse til å ta poeng før sommarferien som varar til 2. august. KFUM Oslo ligg på ein 11. plass, medan Hødd ligg rett bak som nummer 12. Begge laga har 17 poeng, berre ein knapp målforskjellen skiljar dei. KFUM Oslo tapte heile 3-0 borte mot Ull/Kisa i førre runde. Det trass i at Ull/Kisa ligg tredje sist på tabellen. Samstundes har Hødd til gode å vinne på bortebane i år, og kampen i kveld spelast på KFUM Arena.

– Skal vi halde på plassen i 1. divisjon må vi begynne å ta poeng på bortebane også, seier Hødd-trenar Steinar Lein til smp.no.

Det ikkje lenge sidan Hødd og KFUM-kameratene møttest sist. Det var 12. juni og Hødd tapte 2-1 på Høddvoll. Eirik Ulland Andersen scora på straffe, henta ballen ut av nettet, fekk sitt andre gule kort og vart utvist – denne kontroversielle hendinga er blant det mange hugsar best frå denne kampen.

Med unntak av at Ole Monrad Alme spelar frå start, var ikkje førstellevaren til Hødd offentleggjort ein halvtime før kamp.

Verdt å vite om KFUM-kameratene Oslo:

  • Rykka opp til førstedivisjon etter 2015-sesongen.

  • Den 37 år gamle keeperen Lars Hirscfeld har 48 landskampar for Canada, samt 157 eliteseriekampar for Rosenborg, Tromsø og Vålerenga.

  • Alle spelarane jobbar ved sidan av fotballen fordi klubben er blant dei med minst budsjett i heile førstedivisjon.

  • KFUM står for «Kristelig Forening for Unge Kvinner og Kristelig Forening for Unge Menn» og kallast gjerne berre «Kåffa».