No innrømmer Hødd-sjefen at det kan bli ein kamp om å behalde plassen i årets sesong.

Sindre Eid og Hødd tapte igjen.

– Det kan det fort bli. Me er eit topplag på bortebane og eit botnlag på heimebane. Det er vel det fasiten visar no. Det er klart at me ligg der me ligg, med tre-fire poeng ned til nedrykk og seks-sju opp til kvalikplass. No vil dei neste kampane vise kvar me vil bli liggande framøve. Dei vert veldig avgjerande, seier Eid til smp.no

Veit ikkje kva som går gale

Nok ein gong vart Hødd avkledd heime på Høddvoll. Eid meiner førebuinga var god også denne søndagen, og har ikkje noko godt svar på kvifor det nok ein gong vert fire baklengsmål og smultring i poengprotokollen.

– Det er eit veldig godt spørsmål. Eg føler me er godt førebudd på heimebane igjen. Det er dei same spelarane og den same trenaren på benken på heimekampane som på bortekampane. Det er sannsynlegvis noko som sit i hovudet. Det må me sjølvsagt få gjort noko med, seier Eid.

Han seier at dei sidan Mjøndalen har jobba med heimebane-komplekset, men at dei ikkje har funne ut kvifor det går som det går på Høddvoll.– Me har prøvd å gjera noko med det, men har ikkje lukkast. Det er først og fremst mitt ansvar, seier hovudtrenaren.

— Treng spelarar som ser opp og fram

Eid meiner laget manglar sjølvtillit, og slit med trua på det dei gjer om dagen.

– Spelarane mine jobbar steinhardt og gjer det dei kan. Men det er klart at me må ha meir tru på det me gjer på heimebane. Skal me prestere på dette nivået må me ha trua på det, hovudet må vera med og me må ha sjølvtilliten i orden. Akkruat no har me ikkje det, seier Eid.

Allereie onsdag vert det ny kamp for Eid og hans mannskap, når Hødd gjestar Strømmen.

Hødd-sjefen vil ikkje love store lagendringar, og meiner og meiner dei han har er gode nok til å snu dette.

– Nja, det får me sjå. Me har dei spelarane me har, og får sjå kven som er klar til kamp på onsdag. Men det er ikkje tvil om at me no treng spelarar som ser opp og fram. Så får me finne ut kven det er, seier Eid.

Om han er mannen som kan få Hødd-laget tilbake i toppen av divisjonen, vil han ikkje svare på.

– Det er ikkje eg som skal vurdere det. Eg jobbar kvar dag saman med teamet mitt og spelarane for at Hødd skal verte betre. Eg gjer alt eg kan, så får det vera opp til andre å bedømme det, seier Eid.

– Manglar flyten me hadde i fjor

Hødd-kaptein Jesper Törnqvist var langt nede etter å ha vorte avkledd for andre gong på rad på Høddvoll.

– Det var stille i garderoben i dag. Me er sjølvsagt svært skuffa over prestasjonen i dag, seier Törnqvist.

Forsvarsfiraren som verka å vera potte-tett førre sesong, renn for augneblinken som ei sil. Midtforsvaret Törnqvist/Moltu er ikkje til å kjenne attt. Hødd-kaptein Jeseper Törnqvist meiner dei manglar den flyten dei hadde defensivt i fjorårssesongen.

– Saknar de ein ryddegut føre dykk, som de hadde i Sivert Heltne Nilsen i fjor?

– Alle vil sakna ein spelar som Sivert på laget sitt. Berre sjå kor fint han har teke nivået i Tippeligaen. Men eg trur ikkje det er der problemet ligg, seier Hødd-kapteinen.

Han er glad for at laget har moglegheita til å slå tilbake allereie onsdag.

– Det er perfekt for oss med midtvekekamp no. No må me berre reise oss og slå tilbake i bortekampen mot Strømmen, seier Törnqvist.

Vi fulgte kampen