Det var eit Hødd-lag med lav sjølvtillit som reiste til Strømmen for å kjempe om tre viktige poeng. Hovudtrenar Sindre Eid uttalte etter 0-4 nederlaget for Bærum på søndag at laget slit med trua på det dei gjer på heimebane og manglar sjøllvtillit. Og sjølv om Fredrik Aursnes gav dei den perfekte opninga på kampen, kom Strømmen tilbake og sørga for ein ny solid smell for sjølvtilliten til Hødd-spelarane

Pangstart for Hødd

I opningsminuttane på Strømmen stadion var det Hødd som styrte det meste. Blåtrøyene viste ein heilt annan presisjon og intensitet enn i heimekampen mot Bærum på søndag.

Og allereie etter åtte minutt fekk dei uttelling. Ole Amund Sveen vann ballen i duell med Mustafa Acrifi på eigen banehalvdel, og sette full fart mot Stømmen-målet, før han sendte ein stikkar mot Joachim Magnussen på høgresida. Pasningen kom litt bak kantspelaren, som måtte stoppe opp og spele tilbake til Sveen som kom møtande. Med eit fanastisk overblikk sendte Sveen ballen i retning Aursnes, som hadde teke plass utanfor Strømmen sin 16 meter. Aursnes klemte til, og ballen fekk ein vakker boge over Strømmen-keeperen og inn i nettet.

Shroot burde dobla

Strømmen kom meir med etter Hødd-målet, men bortelaget fortsette å styre det meste ute på kunstgraset på Strømmen stadion.

Og omgangens andre store sjanse var det også bortelaget som stod for, då høgreback Jonas Ingebrigtsen fekk tid og rom på midten av Strømmens banehalvdel. Han såg Shroot peike inn bak forsvaret til Strømmen, og sendte i veg ein nydeleg stikkar mot briten. Aleine med ein utrusande Samuel Dirscher i Strømmen-målet fekk ikkje Shroot skikkeleg dreis på avslutninga, og ballen trilla til like til side for mål. EIn svært god sjanse misbrukt, som Shroot i det minste burde fått på mål. Då ville det stått 0-2. ## Sterk Strømmen-avslutning

Etter 33 minutt fekk Strømmen sin første skikkelege sjanse. Og den var enorm. På høgresida kom El-Hadj seg vakker ned til dødlinja, og fekk sendt inn eit innlegg langs bakken på Ole Marius Aasen som fekk avslutta frå 10 meters hald. Diverre for heimelaget gjekk avslutninga like til side for Hødd-målet.

Men i det 38. spelminutt satt utlikninga for heimelaget, etter ein svært god Strømmen-perode.

Frå ein Hødd-corner tok George White ned ballen for Strømmen og fossa i angrep. Midt på Hødds banehalvdel fekk han sendt ballen ut til Miguel Hamutenya ute på venstresida, som sendte ballen vidare Acrifi. Han stilte inn siktet, og fann ein umarkert Ole Marius Aasen inne i Hødd-feltet. Han gjorde ingen feil, og heada ballen inn i nettveggen bak Aslak Falch.

Gav Hødd-laget ein kalddusj

Etter pause gjekk Strømmen høgt ut, og var det beste laget i opningsminuttane. Og som Hødd gjorde i den første, serverte Strømmen ein skikkeleg kalddusj til bortelaget tidleg i omgangen.

I det 52. minuttet kom Aasen seg igjennom med Falch, og fekk lobba ballen over Hødd-målvakta og i stolpen. Returen plukka Strømmen opp, og etter litt klabb og babb inne i feltet, fekk Strømmen etter kvart sendt ballen ut til Mustafa Acrifi. Frå 16 meter banka han til, og ballen gjekk via ein Hødd-spelar og inn i mål.

Og berre minuttar etter satt den 3. for Strømmen. På ein corner frå høgre fekk kaptein Steinar Strømnes stå fri på bakre stolpe, og kunne enkelt banke ballen i mål frå nært hald blant passive Hødd-forsvararar.

Klovneri avlsutta det heile

Og som om ikkje nedturen var stor nok for Hødd, vart 4-1 målet eit realt komedie-mål. Like før slutt, etter ein duell inne i feltet, stod kaptein Törnqvist med ballen i beina rett føre Hødd-målet. På utruleg vis klarte han å klarere ballen i ansiktet på lagkamerat Victor Grodås og inn i mål. Både Hødd— og Strømmen-spelarar stod mållause etter det flaue 4-1-målet.

Meir skjedde det ikkje, i ein omgang Hødd ikkje klarte å skape ein einaste skikkeleg målsjanse.

Vi fulgte kampen direkte