Bendik Dybdal Torset og Hødd fekk seg ein solid opptur laurdag for ei veke sidan då Ole Amund Sveen på overtid skaffa Ulsteinvik-laget eitt poeng i bortekampen mot Sogndal. Før møtet med serieleiaren stod Hødd med tre strake tap i serien, samt ein skuffande cup-exit borte mot Mjøndalen.

Følg Hødd-Follo klokka 18 og chat med oss

Uavgjortresultatet mot sogningane var difor eitt stort steg i riktig retning for Hødd-laget. Dersom håpet om direkte opprykk skal vera realistisk, må dei raskt tilbake på vinnarsporet. Siste sjanse til å klare det før det ferie i OBOS-ligaen er mot Follo på Høddvoll i kveld.

I svak form

Nyopprykka Follo har prestert litt som forventa så langt denne sesongen, og ligg for augneblinken på ein 9. plass – berre tre poeng bak Hødd på 3. plass. Hans Erik Eriksens mannskap starta sesongen sterkt, og stod med tre sigrar og to uavgjorte på dei fem første kampane.

På dei ni siste kampane har det berre blitt to sigrar på laget frå Ski. Og i forrige serierunde blei det braktap, 1-4, mot Bryne på heimebane. Det er med andre ord eit bortelag, som i likheit med Hødd, er inne i ein tung periode i serien.

Men Follo har vore solide på bortebane så langt denne sesongen, og er nok minst like lystne som Hødd på å ta ferie med tre poeng og god heng på opprykk— og kvalikplassane.

Følg Hødd-Follo klokka 18 og chat med oss

Kallevåg på topp

Bendik Dybdal Torset fekk tillit frå start i bortekampen mot Sogndal, og Sindre Eid må ha vore nøgd med det han såg. I kveld erstattar han Fredrik Aursnes sentralt på midtbanen. Aursnes er heller ikkje å finne på benken til kampen mot Follo.

På topp har Eid valt Torbjørn Kallevåg frå start, med Joachim Magnussen og Michael Karlsen på benk. Aslak Falch, som måtte stå over kampen mot Sogndal grunna suspensjon, går rett inn igjen i startoppstillinga hos heimelaget.

Hødd (4-3-3): Aslak Falch – Jonas Ingebrigtsen, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist, Christoffer Aasbak – Ole Amund Sveen, Joachim Wrele, Bendik Dybdal Torset – Eirik Ulland Andersen, Torbjørn Kallevåg, Magnus Myklebust

Benken: Ole-Monrad Alme, Michael Karlsen, Vegard Heltne, Joachim Magnussen, Sondre Beite, Audun Kåre Øvrelid, Bendik Rise

Follo: Jonathan Rasheed – Jens Kristian Skogmo, Torstein Mjønner, Halvard Lien Simonsen, Misim Memishi, Robin Rasch, Christian Bwamy, Halvor Stormoen Raddum, Akinbola Akinyemi, Øystein Vestvatn, Alexander Ruud Tveter

Benken: Knut-Andrè Skjærstein, Fredrik Levorstad, Anders Lübeck, Håvard Haugen Dalseth, Shadi Ali, Didrik Sereba